Avdeling for lærarutdanning og idrett
Avdelinga er den største ved høgskulen, og tel nærare 1100 studentar og 100 tilsette. Vi tilbyr grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og fleire idrettsutdanningar – i tillegg også årsstudium og masterstudium, og ei rekkje vidareutdanningar for barnehage- og skulesektoren.
Institutt for lærarutdanning
Ved instituttet vårt utdannar vi lærarar til grunnskulen og vidaregåande skule. Vi tilbyr også vidareutdanningar skreddarsydde for skuleverket. Innanfor kroppsøvingsfaget samarbeider vi med institutt for idrett, og innanfor samfunnsfag med institutt for samfunnsvitskap.
Elles har vi tett samarbeid med kommunane og skuleverket i fylket. Sogn og Fjordane har skuleresultat som ligg på topp på landsbasis, noko vi meiner har samanheng med dette gode samarbeidet, og med forskinga vår som er kopla direkte mot utviklingsprosjekt i skulen.
Instituttleiar: Osvald Lykkebø
Besøksadresse: Fosshaugane Campus, Høgskulebygget
Institutt for barnehagelærarutdanning
Vi utdannar dei som skal jobbe i barnehage, som barnehagelærarar eller styrarar. I tillegg til bachelorstudium tilbyr vi også vidareutdanningar retta inn mot både barnehagen og småskulen. Vi samarbeider tett med sektoren i fylket og satsar spesielt på å utvikle enkelte barnehagar som praksisplass for studentane våre. Slik utvekslar vi erfaringar med dei som er i feltet, og bidreg til at fleire og fleire som jobbar i barnehagane våre har fagleg bakgrunn for det.
Besøksadresse: Fosshaugane Campus, Høgskulebygget
Institutt for idrett
Fysisk aktivitet, helse og friluftsliv er tre hovudtema vi forskar på og underviser i ved institutt for idrett. Instituttet samarbeider med lærarutdanninga om kroppsøvingsfaget og med institutt for helsefag om fysisk aktivitet og friluftsliv i eit helseperspektiv. Saman med Norges idrettshøgskole, ein nær samarbeidspartnar, er vi blant dei fremste fagmiljøa i landet på dette feltet.
Besøksadresse: Fosshaugane Campus, Linesbygget
Kontakt oss gjerne!
Postadresse: Postboks 133, 6851 Sogndal
Besøksadresse: Fosshaugane Campus, Høgskulebygget
Sentralbord: 57 67 60 00