Avdeling for samfunnsfag
Avdelinga har om lag 1000 studentar og 70 tilsette fordelt på tre institutt. Kandidatane våre innanfor sosiale og økonomiske fag blir utdanna til viktige roller i samfunnet, og vi jobbar tett med det offentlege og næringslivet for å gjere studia deira relevante for verda der ute.
Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Ved instituttet vårt utdannar vi hovudsakleg studentar til arbeid innan sosialfaglege yrke, og forskar på det same feltet. Som student hos oss skal du først og fremst bli rusta til å møte og ta vare på menneske i vanskelege livssituasjonar. Som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar er det viktig å vite om korleis møte brukarane av tenestene på beste vis, korleis forstå og navigere i dei omfattande sosialpolitiske reformene som har vore og korleis handsame krevjande saker på forsvarleg måte.
Instituttleiar: Unni Margrethe Uren Aasen
Telefon: 57 67 62 36
Besøksadresse: Fossbygget, Fossvegen 6, Sogndal
Institutt for samfunnsvitskap
Instituttet samlar fagdisiplinane historie, sosiologi og administrasjons- og organisasjonsvitskap. Med basis i desse faga blir det forska på til dømes regionar og lokalsamfunn, profesjonar, utdanning, ungdom, språk og kultur, og styrings- og leiingsformer i offentleg sektor. To av satsingsområda for FoU ved høgskulen, ”Organisasjon og leiing” og ”Profesjonsforsking”, er leia av tilsette ved instituttet. Historikarane har eit historiefagleg seminar knytt til forskingsaktiviteten sin.
Instituttleiar: Grete Netteland
Telefon: 57 67 63 32
Besøksadresse: Fossbygget, Fossvegen 6, Sogndal
Institutt for økonomi og administrasjon
Ved Institutt for økonomi og administrasjon kan du kvalifisere deg til eigedomsmeklar, leiarstillingar innan reiselivet, fagperson eller rådgivar innan marknadsføring, personaladministrasjon, rekneskaps- og budsjettarbeid, økonomiske analyser og finans. Tek du årsstudiet i jus får du grunnleggjande juridisk kompetanse som er nyttig i mange sakshandsamar- og økonomiske og administrastive stillingar.
Kandidatar hos oss blir rekrutterte til privat næringsliv, offentlege institusjonar og ideelle institusjonar.
Instituttleiar: Leif Longvanes
Telefon: 57 67 63 24
Besøksadresse: Fossbygget, Fossvegen 6, Sogndal
Kontakt oss gjerne!
Dekan: Anne-Grethe Naustdal
Telefon: 57 67 62 42, mobil 900 94 491
Besøksadresse: Fossbygget, Fossvegen 6, Sogndal