Barnehagelærer - arbeidsplassbasert deltid
Trivst du saman med barn? Som barnehagelærar vil du møte nysgjerrige ungar med mykje på hjarta, og du skal gi dei svar, kunnskap og eit utviklande miljø i kvardagen. Du skal også vere ein leiar og samarbeidsperson for kollegaer, foreldre og fagpersonar.
Studieinnhald
Barnehagelærarutdanninga er inndelt i seks kunnskapsområde, der du lærer om:
- barns utvikling, leik og læring
- språk, tekst og matematikk
- natur, helse og rørsle
- kunst, kultur og kreativitet
- samfunn, religion, livssyn og etikk
- leiing, samarbeid og utviklingsarbeid
I tillegg skriv du bacheloroppgåve, og har ei valfri fordjupingseining.
Gjennom studiet har du 100 dagar rettleia praksis.
For å få nok tid til studiet, bør du ikkje arbeide meir enn 60 % stilling.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, seminar med meir. Vi legg vekt på eigenaktivitet, og gir deg tett oppfølging gjennom heile studiet.
Studiet er samlingsbasert, med følgjande opplegg:
- 6 samlingar á tre dagar i kvart semester. Sjå samlingsdatoar.
- Nettundervisning ein fast dag kvar veke gjennom heile studiet
- Lokalgruppesamlingar der du deltar heimefrå
Vi tilbyr også denne utdanningen med samlinger i Sogndal.
Veit du at Studiebarometeret viser at studentane på dette studiet er landets mest fornøgde barnehagelærarstudentar?
«Lærerne er dyktige og flinke til å motivere slik at det blir enklere å gjennomføre studiet. Et perfekt deltidsstudium for den som vil kombinere utdanningen med familie og jobb!»
- Irene Bergfjord, tidlegare deltidsstudent
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Førde
- Studielengd:
- 4 år deltid
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du dokumentere at du er tilsett i barnehage/SFO i minimum 40 % stilling frå hausten 2015.
- Krav om politiattest
- Studiekode:
- 216 1136
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015