Hopp til innholdMeny

Barnevernfagleg rettleiing

Med dette studiet kan du utvikle ei profesjonell rettleiarrolle og styrke evna til kritisk refleksjon over eigen rettleiingspraksis, og få handlingskompetanse i rettleiing. Studiet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i barnevernet.

Tre vaksne studentar i samtale rundt eit bord.

Studieinnhald

Vidareutdanninga er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda.

Du lærer om

  • teoriar og modellar for rettleiing
  • aktuell forsking og utvikling på rettleiingsfeltet
  • relasjon, kommunikasjon, refleksjon og utvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå
  • barnevernet som lærande fellesskap og som ein arena for læring og utvikling
  • rettleiing av nyutdanna og nytilsette i barnevernet

Utdanninga er sett saman av to emne à 15 studiepoeng:

  • Rettleiingspedagogikk og eiga rolle som rettleiar
  • Profesjonell rettleiing for nyutdanna og nytilsette i barnevernet

Det blir arbeidd med å få dei to emna formelt godkjende som emne på masternivå, og som valfrie emne i masterstudia Samhandling innan helse- og sosialtenester ved HiSF og Meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Studieplan

I studieplanen for 2014 - 15 finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Studieplan for 2015 - 16 blir publisert rundt 15. mars.

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, rettleiing (individuelt og i gruppe), sjølvstudium og skriftleg arbeid. Både munnlege framleggingar og skriftlege arbeid er obligatorisk.

I kvart emne er det fire samlingar à tre dagar. Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Delar av teoriundervisninga, rettleiinga og tilbakemeldinga kan bli tilbydd digitalt.

Opptakskrav

Følgjande krav må vere oppfylt:

  • Utdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar (minst 3 år) eller innan anna relevant fagområde. I særskilde tilfelle kan opptak gjerast på grunnlag av realkompetanse.
  • Minst 3 års praksis i minimum 50 % stilling frå barnevernet etter fullført utdanning
  • Arbeide i barnevernet i studietida

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år deltid
Studiepoeng:
30
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Sjå innhaldsdelen
Studiekode:
216 1630
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak