Bestille bøker og artiklar
Dersom du ønskjer å låne bøker eller anna materiale HiSF-biblioteket ikkje har, kan du bestille dette. Du kan setje deg på venteliste for bøker som er utlånte.
Biblioteket kan låne inn dokumentet frå andre bibliotek for deg - dette gjeld både bøker og artiklar. Likeeins kan du reservere bøker som er utlånte. 
Slik gjer du
- Søk opp dokumentet i Oria
- Logg deg på (oppe til høgre)
- Etter innlogging, bestiller du tittelen du er ute etter
Fjernstudentar kan i kommentarfeltet be om å få dokument sendt til sitt lokale bibliotek eller heim.
Dette er gratis for studentar og tilsette ved HiSF!
Kom gjerne med innkjøpsforslag dersom det er titlar du meiner biblioteket burde kjøpe inn!
Det går ikkje an
- å reservera ei bok til ein bestemt dato.
- å låne inn pensumbøker.
Pensumsamling
Det finst også ei ei eiga boksamling i biblioteket der eit eksemplar av alle pensumbøker står. Her er lånetida 1 dag.
Rettleiing
Korleis bruke Oria (pdf)