Bestille grupperom
Her finn du framgangsmåte og reglar for å bestille grupperom og seminarrom.
- Grupperomma skal brukast til gruppearbeid.
- Du brukar Feidepålogging (som i StudentWeb)
- Som student kan du reservere grupperom 2 x 4 timar per veke. Dette gjeld måndag til fredag frå kl 08.00–20.00. Utanfor dette tidsrommet kan du bestille fritt.
- Du må bestille rommet seinast dagen før du skal bruke det.
- Du kan reservere 14 dagar fram i tid.
- Velg eit rom med størrelse tilpassa kor mange som skal ha gruppearbeid.
- Dersom rommet ikkje er tatt i bruk innan 15 minutt etter at det er reservert, blir heile reservasjonen ugyldig, og andre kan bruke rommet.
- Husk å rydde før de forlet rommet!
Merk: 15-minuttsregelen gjeld berre ved studentreservasjonar, og ikkje reservasjonar gjort av faglærar.