Hopp til innholdMeny

E-bøker

Biblioteket tilbyr ei stor tverrfagleg, akademisk samling e-bøker frå Springer. I tillegg er ein del enkelttitlar frå andre forlag tilgjengelege som e-bøker, og det ligg opne ressursar på nett. Nasjonalbiblioteket har ei stor satsing på e-bøker gjennom prosjektet Bokhylla.no

For å finne e-bøker, må du søke i Oria. Når du har fått opp trefflista ser du kva type materiale du kan velje i venstre meny. Her er det lurt først å velje «materiale frå bibliotekkatalogen» og  så e-bøker. Les meir om korleis søke i Oria.  Når du har funne den aktuelle tittelen, følgjer du lenka vidare til fullteksten.

Korleis låne eller laste ned e-bøkene?

Det er ulike måtar å få tilgang til e-bøkene, avhengig av leverandør.

  1. Dersom det er ei bok frå Springer forlag, kan du laste ned boka kapittel for kapittel. Det er ingen lånetid eller innlevering, heller ingen ventelister! Du beheld det du har lasta ned. Høgskulen har ei samling på over 40 000 bøker frå Springer (pr oktober 2014). Desse kan du også søke opp frå heimesida deira når du er på datanettet til HiSF.   www.springerlink.com Ein tredje muligheit for Springerbøkene er å kjøpe sin eigen (enkle hefta) kopi i trykt versjon.
     
  2. Nokre bøker er kjøpt via Ebsco. Desse kan du låne i 7 dagar. Dette er førebels ei liten samling bøker, vald ut med tanke på faga landskap og fornybar energi.Viss du vil laste ned, må du registrere deg med personleg konto hjå Ebsco. Dette gjer du medan du er på høgskulen sitt nettverk (eventuelt pålogga via vpn).
     
  3. Bokhylla heiter Nasjonalbiblioteket si store e-boksamling med norsk litteratur (utgitt før 2000). Du finn bøker via ditt søk i Oria og får tilgang til å lese bøkene. Du må ha norsk ip-adresse – treng altså ikkje å vera på datanettet til HiSF. Berre ein mindre del av desse bøkene kan du laste ned. Digitaliseringa omfattar også andre media. 

 

ANDRE RESSURSAR3466598-xsmall.jpg

  • Google Books Digitaliserte bøker der innhaldet er gjort søkbart og tilgjengeleg sjølv om mykje ikkje kan lastast ned. Desse er ikkje tilgjengelege gjennom Oria.
  • The Internet Archive 
    Dette er eit dugnadsprosjekt for å gjera tilgjengeleg historiske tekstar. Inneheld pr mai 2011 om lag 2, 8 mill einingar eller dokument. Les meir om dette her
  • Project Gutenberg
    er ein internasjonal database for digitale fagbøker og skjønnlitteratur.