Ein god stad å bu
Hybelen er ein viktig del av studentlivet.
I Sogndal er du tett på det meste, og svært mange hyblar ligg plassert slik at du berre har mellom to og ti minutt gangavstand til høgskulen og sentrum.
Studentsamskipnaden tilbyr hyblar og leilegheiter. Du kan søke frå 15. april til 31. mai.
Det finst også eit godt utval med hyblar på privatmarknaden. Hybel.no og Rubrikk.no er gode stader å leite. Du kan også finne eller søke hybel gjennom lokalavisa Sogn Avis.
Treng du barnehageplass?
I Studentsamskipnaden sin barnehage får barnet ditt ein trygg kvardag. Frå barnehagen brukar du fem minutt å gå til høgskulen.