Hopp til innholdMeny

Eit bygg å bli klok av!

Det nye Høgskulebygget på Fosshaugane campus inneheld mykje av det du treng for å vere ein god student.

Størstedelen av bygget er døgnope. Vi har eit stort bibliotek- og læringssenter der du finn arbeidsplassar med og utan datamaskiner, lesesal, grupperom og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift.

Kantina er open frå kl 08-19, der det er eit stort utval  lunsj- og middagsrettar til gode studentprisar. Studentorganisasjonane held også til i Høgskulebygget.

Undervisninga skjer både i Høgskulebygget og dei andre bygga våre, som alle ligg i ein radius på to minutt på campus. I alle bygga finn du grupperom, klasserom og auditorium.