Hopp til innholdMeny

Forkurs i matematikk

Skal du ha matematikk for økonomar i studiet ditt, og treng å friske opp matematikkunnskapane dine?

Før studiestart arrangerer vi forkurs i matematikk. Det er ingen påmelding til kurset. Ta med kalkulator og pc. 

Tidspunkt

  • 10. august kl. 09.15-15.00
  • 11. august kl. 09.15-15.00
  • 12. august kl. 09.15-15.00
  • 14. august kl. 09.15-15.00

Vi held til på F300, som ligg i 3. etasje i Fossbygget. 

Bør eg gå på forkurset?

Vi har laga ein uhøgtidleg test, slik at du kan finne ut om du bør ta forkurset. Testen består av 25 spørsmål. Løys dei første 18 spørsmåla utan å bruke kalkulator. På dei siste 7 oppgåvene står du fritt til å bruke kalkulator.

Når du har svart på alle spørsmåla, får du ei anbefaling om du bør ta forkurset eller ikkje. NB! Testen kan kun gjennomførast ein gong.