Fornybar energi
Dei siste åra har det blitt stadig større produksjon og bruk av fornybar energi. Dette har skapt eit behov for personar med tverrfagleg kompetanse innan teknologi, miljø, arealplanlegging og økonomi. Ein bachelor i fornybar energi gir deg denne kompetansen.
Studieinnhald
Du lærer
- om energisystemet og teknologi knytt til produksjon, distribusjon og bruk av energi
- om fornybare energikjelder som bioenergi, vindenergi, vasskraft og solenergi
- å analysere miljøkonsekvensar ved produksjon og bruk av energi
- å gjennomføre konsesjonssøknader for energiselskap
For at du skal komme tett på fagfeltet du utdannar deg til, reiser vi på ekskursjonar og feltarbeid. Du møter også folk frå energibransjen gjennom gjesteforelesingar.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, lab- og feltarbeid, gruppe- og prosjektoppgåver og seminar. Du har blokkundervisning, det vil seie at du jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før du byrjar på neste emne.
«All den kraftfulle naturen rundt Sogndal er et viktig poeng i studiesammenheng. Vi drar på ekskursjoner i nærområdet for å se hvordan naturkreftene kan utnyttes og gjøres om til energi, samtidig som vi lærer å se det store bildet.»
- Gjermund Nordskar
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: 41,4. Kvote for førstegangsvitnemål: 37,3
- Studiekode:
- 216 835
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015