Hopp til innholdMeny

Geologi og geofare

Er du interessert i klimaendringar og naturkatastrofer? Eit stadig meir ekstremt klima aukar skred- og flomaktiviteten, og det er aukande behov for kompetanse knytta til skred, flom, tsunami og andre geofarer. Dette er er eit geologistudium i nærkontakt med geologien i området rundt Sogndal.

Møt ein student og ein lærar på geologistudiet.

Studieinnhald

Studiet gir deg kompetanse til å arbeide praktisk med problemstillingar knytt til geofarar som ras, ustabile grunntilhøve, radon, flaum med meir.

Du lærer

  • om geologiske prosessar
  • om geofarer (skred, flom, tsunami, jordskjelv og klimaendringar)
  • om geologiske ressursar som mineral, vatn og olje
  • å lage geologiske kart (skredfare, jordartar og strukturar i fjell)

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, seminar, øvingar og gruppearbeid. I mange emne er det obligatoriske ekskursjonar og feltarbeid.

Du har blokkundervisning, det vil seie at du jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før du byrjar på neste emne.

Nokre av emna er lagt til rette for internasjonale studentar, og blir underviste på engelsk.

Veit du at Studiebarometeret viser at våre studentar er dei mest fornøgde geologistudentane i landet?

Sjå resultata frå Studiebarometeret

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
3 år
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
 Generell studiekompetanse i tillegg til matematikk R1, og enten R2 eller eit anna realfag på VG3-nivå. Realkompetanse. 
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 44,5. Kvote for førstegangsvitnemål: 40,6
Studiekode:
216 469
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak