Hopp til innholdMeny

Godskriving, fritak og permisjon

Godskriving og fritak

Dersom du har utdanning frå før som du vil ha som ein del av graden din ved HiSF, kan du søkje om godskriving. Du kan også søkje om godskriving på grunnlag av dokumentert realkompetanse.

Ei eventuell godskriving vil gi deg fritak for tilsvarande emne/utdanning ved HiSF. Regelverket for godskriving og fritak finn du i forskrift om opptak, studium og eksamen ved HiSF.

Førehandsgodkjenning av emne

Dersom du vil ta emne ved andre høgskular eller universitet, som du ønskjer å bruke som del av utdanninga di ved HiSF, må du søkje om førehandsgodkjenning av faget.

Permisjon

Du kan søkje permisjon på grunnlag av sjukdom, graviditet, andre omsorgsoppgåver, verneplikt eller andre særskilde grunnar. Du bør søke i god tid før du planlegg å gå ut i permisjon.

Regelverket for permisjon finn du i forskrift om opptak, studium og eksamen ved HiSF.