Helsepsykologi
Dette studiet gir deg teoretisk kunnskap og praktiske øvingar for å motivere menneske til endring. Studiet passar for deg som er helsepersonell, lærar, førskulelærar eller tilsett i privat eller offentleg verksemd, og som arbeider med individ og grupper. Studiet passar også for deg som har meir personalretta arbeid.
Studieinnhald
God helse handlar i stor grad om å meistre kvardagen i nærmiljøet, i familien, på skulen og i arbeidslivet.
Du lærer om
- samanhengen mellom stress, meistring og helse
- kva som motiverer åtferd
- korleis helse og helseåtferd blir forma i den gjensidige påverknaden mellom samfunn, gruppe og individ
- tiltak for brukarinvolvering og brukartilfredsheit
- identifisering og refleksjon rundt etiske problemstillingar
- korleis ta i bruk kunnskapen og ferdigheitene for å stimulere til helsefremjande åtferd
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, oppgåveskriving, refleksjonsgrupper og praktiske øvingar med rettleiing.
«Eg har lært mykje om menneskeleg åtferd, og kan knyte denne lærdommen opp mot alle typar samhandlingssituasjonar. Studiet har også gjort meg bevisst på eigne haldningar og oppførsel i kvardagen. Det har vore svært gode forelesarar. »
- Kathrine Personbråten
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Førde
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Treårig høgskule- eller universitetsutdanning.
- Studiekode:
- 216 1623
- Søknad frå:
- 01.09.2016
- Søknadsfrist:
- 01.11.2016