Hopp til innholdMeny

Krav til utstyr og programvare

Denne informasjonen gjeld deg som går på studium med nettsamlingar.

Datamaskin

Du treng ei normalt kraftig datamaskin, berbar eller stasjonær. Du kjem til å bruke datamaskina mykje, og det er derfor viktig at ho oppfyller visse krav:

  • Maskina bør ikkje vere eldre enn 2 år
  • Minne (RAM): Minst 4 Gb
  • Prosessor (CPU): Minst to-kjerna (dual core) AMD eller Intel. Fire-kjerna prosessor gir langt bedre yting.
  • Harddisk: Minst 50 Gb ledig plass
  • Skjerm som har god oppløysing, og ikkje er for liten. Skjermen bør minimum vere på 15,4 tommar, med ei skjermoppløysing på 1366x768 eller meir. Dersom du skal kjøpe ny maskin, tilrår vi HD-oppløysing. 
  • Nettbrett, som iPad eller tilsvarande, kan ikke brukast som hovedmaskin. Netbooks som Acer Aspire One, Asus Eee og tilsvarande er for små til å følge nettundervisning på. 

Web-kamera

Det er viktig å ha eit godt webkamera. Berbare maskiner har ofte innebygd webkamera med mikrofon. Har du ei slik maskin, må du sjekke om dette kameraet og lyden er bra nok. Ofte er det lyden som er den kritiske faktoren. Om du kommuniserer med andre for eksempel på Skype, vil du vite korleis kvaliteten er.

Dersom du har stasjonær maskin, vil du ikkje ha innebygd kamera. Kjøp helst eit kamera i HD-kvalitet med usb-kobling og ekkokansellering på mikrofonen. Du får eit bra kamera til 500-600 kroner. 

Headset og mikrofon

Du treng eit godt headset med mikrofon. Headset må vere av USB-type, ikkje mini-Jack plugger. Dette har med lydkvaliteten å gjere.

Dersom du ikkje ønskjer å bruke headset, kan du bruke ein bordmikrofon med innebygd ekkokansellering, for eksempel Phoenix Audio Duet PCS6. Du kan ikkje bruke lause eller innebygde mikrofonar i skjerm eller pc.

Nettforbindelse og nettverk

For å få eit stabilt bilde og god lydkvalitet, er det viktig at du har stabil nettforbindelse. Forbindelsen må ha lav grad av pakkeforsinking (<50Ms). Du må ha minimum 5 Mbps hastighet nedlasting, og 0,5 Mbps opplasting (Telenor Breiband 5 eller tilsvarande). 

Vi anbefaler at du ikkje er tilknytt trådløst nett på nettsamlingane, men at du brukar kabla nettforbindelse mellom PC/laptop og router. 

Programvare

Operativsystem:

  • For PC-brukarar: Vi anbefaler Windows 8, Windows 7 eller eventuelt Windows Vista.
  • For Mac-brukarar: Vi anbefaler OS X 10.6 eller nyare.

Følgjande Office-pakker kan nyttast:

  • MS Office 365
  • MS Office 2013
  • MS Office 2010

Fleire mindre gratisprogram (som for eksempel Skype) bør vere installert. Liste over desse får du ved semesterstart eller ved behov.

Nettlesar

Du må ha siste versjon av nettlesaren installert. NB: Ikkje Chrome. 

Gjer deg klar!

Det er viktig at du testar nettforbindelse og utstyr før første netttsamling.