Hopp til innholdMeny

Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Med ein bachelor i landskapsplanlegging kan du vere med å gjere byane grønare og planlegge og vurdere inngrep i landskapet, som bygging av vegar eller oppføring av kraftlinjer. Du studerer i vakker Vestlandsnatur, i eit fagmiljø som er blant dei fremste i landet.

Møt ein student og ein lærar på landskapsstudiet.

Studieinnhald

Studiet gir deg kompetanse til å gjennomføre landskapsplanlegging i offentleg og privat sektor. Du får god innsikt i landskapsarkitektur, med ein økologisk profil.

Du lærer å

  • sjå kulturlandskap, naturfag og forvaltning i samanheng med planlegging etter plan- og bygningslova
  • vurdere visuelle og økologiske konsekvensar av ulike inngrep i naturen
  • bruke elektroniske planleggingsverktøy

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, ekskursjonar, laboratorieøvingar, feltarbeid og prosjektarbeid. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Du har blokkundervisning, det vil seie at du jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før du byrjar på neste emne.

«I studiet har vi mye fokus på bærekraftig utvikling og det å ta vare på det biologiske mangfoldet. I Sogndal er det mye og svært variert natur, og "laboratoriet" vårt er rett utenfor forelesningssalen.»

- Odd Helge Løyning, student

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
3 år
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 39,9. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
Studiekode:
216 310
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak