Hopp til innholdMeny
portrett

Langt frå kontorverda

June Langhelle Larsen og Elisabeth Sæbø Dale valde sjukepleie fordi dei vil reise ut i verda og gjere noko godt.

Begge studentane kjem frå Bergen, er gode venninner, og har studert sjukepleie i nærare halvanna år. Første semester var i Cape Town på utveksling, sidan har dei vore i Førde.

Korleis valde de studium?

June: Å, det var vanskeleg! Eg var veldig usikker på kva eg skulle velje. Eg gjekk for sjukepleie til slutt fordi det var mykje praksis i studiet, og fordi eg ville ha ein jobb der eg ikkje sat på kontor heile dagen. Eg vil gjere noko!

Elisabeth: Eg hadde erfaring frå heimesjukepleia, og skjøna at dette var noko for meg. Eg likar å jobbe med menneske

Kva var første inntrykket av Førde?

Elisabeth: Eg må innrømme at eg tenkte Førde var litt kjedelig! Eg var jo van med ein storby. Det tok litt tid å venje seg til at det er færre folk og mindre som skjer. Men eg var med ein gong veldig nøgd med skulen og lærarane.

June: Byen kunne vore større. Samstundes er det også bra at den er liten, for då blir vi betre kjende med kvarandre. Miljøet her er veldig tett.

Elisabeth: Så har plassen også mange gode sider. Fjell, butikkar, kinosal og bowling!

June: Vi kom hit saman, men det hadde gått veldig greitt å komme aleine. Det er lett å få venner. Går du ut på Tresken (ein hotellbar i Førde, red.anm.) vil du alltid møte massevis av folk frå studiet.

Elisabeth: Eg tok eit studieår i Bergen, og då hang eg berre med dei eg kjende frå før. Her har eg fått mange nye venner.

Kva synst de om studiet?

June: Det er interessant, og oppfølginga er god. Vi studerer eitt og eitt emne, så eg synst eg får god oversikt og skjønar kva som er venta av meg på eksamen. Halvparten av tida kvart semester er vi ute i praksis. Det er mykje jobb, så eg kjenner meg ofte letta når eg skal tilbake til bøkene etterpå!

Elisabeth: Det å veksle mellom studier og praksis, gjer meg meir engasjert i faget. Når eg for eksempel møter på ein sjukdom eg har lese om, og får oppleve det i den verkelege verda, går det opp eit lys for meg. Og berre det å kommunisere godt med pasientane – det er ei utfordrande og spennande oppgåve.

June: Du lærer mykje om deg sjølv i den situasjonen. I bøkene står det at vi skal skape tryggleik og vise empati. Men eg må sjølv finne min eigen måte å gjere det på, når eg er der ute blant pasientane.

Korleis er hybellivet og fritida?

Elisabeth: Vi er fire jenter som deler eit hus berre fem minutt unna, så det er supert. Og så er det veldig sosialt her. Vi har studentkroa Akutten, og kvar onsdag og fredag er det noko som skjer – quiz, karaoke, spelekveld og anna.

June: I tillegg til sjukepleiarstudentane, treff ein også ingeniørstudentane der, og vi blir godt kjende. Vi er veldig "close".

Har de gode råd til folk som akkurat no pønskar på kva dei skal studere?

Elisabeth: Eg synst det er viktig å kjenne på magefølelsen. Du må berre prøvde deg fram, og det er ikkje farleg å bomme. Eg byrja først på religionsvitskap, men fann ut at det ikkje var noko for meg, men eg angrar ikkje. Det var eit steg på vegen til å finne retninga mi.

June: Ingen val er feil. Lærdommen du får, har du bruk for uansett.

Kva drøymer de om?

June: Eg vil reise mykje, oppleve mange forskjellige plassar, og jobbe andre stader enn Noreg. Kanskje for Leger uten grenser, eller ein liknande organisasjon.

Elisabeth: Eg også. Det er ein stor draum å gjere noko slikt.

Dette med sjukepleie, ligg det ein idealistisk tanke bak det valet? At det vil gjere godt, rett og slett?

June og Elisabeth: Jaaa!

June: Absolutt. Det er eit yrke som gir veldig mykje, og der du sjølv kan gje mykje, kvar dag.

Elisabeth: Eg er veldig stolt av å seie at eg skal bli sjukepleiar.