Hopp til innholdMeny

Leik i naturen

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Sogndal!

Puddereldorado

Sogndalsfjella ligg og ventar på deg, berre 15 kilometer unna sentrum. Her går pudderalarmen rett som det er. Køyrer du ein time, er du på Sognefjellet eller ved Jostedalsbreen. To skisenter ligg innan 15 minutts rekkevidde, Sogndal skisenter og Sogn skisenter, begge med supre moglegheiter for skikøyring i og utanfor løyper.

Til fjells eller havs

Lurkarlaget er studentorganisasjonen for deg som elskar friluftsliv. Dei arrangerer kortare turar og toppturar til fots og på ski, klatreturar, fisketurar med meir. Som medlem kan du låne alt frå klatreutstyr til telt og GPS. 

Sjøspretten er ein studentorganisasjon for deg som trivst i det våte element. Dei arrangerer mellom anna surfeturar til Stadt og kurs i dykking og havkajakk, og medlemmene kan låne utstyr.

Det er gode forhold for både utandørs og innandørs klatring, og Sogndal klatreklubb har klatrekveldar, kurs og turar. 

Stisykling

Det er gode forhold for stisykling i og rundt Sogndal.  

Festivalar

Fjellsportfestivalen i februar trekker årleg mange besøkande som vil oppleve dei unike fjella i Sogndalsområdet.

Fjell & fjordmoro i august har ei rekkje aktivitetar knytt til fjell og fjord.