Hopp til innholdMeny

Matematikk 1, 1-7

Underviser du på barnesteget, og ønskjer undervisningskompetanse i matematikk? Då er dette studiet for deg. Studiet passar godt for deg som ikkje har utdanning i matematikk av nyare dato.

Jente som sit ved pult og skriv, med tavle og reknestykke i bakgrunnen

Studieinnhald

Tilbodet er ein del av satsinga kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. 

Du lærer om

  • tallære, algebra, geometri, funksjonslære, statistikk, sannsynsrekning
  • rekning som grunnleggjande ferdigheit
  • det digitale verktøyet GeoGebra
  • didaktikk
  • arbeidsformer i matematikk

Studiet er sett saman av to emne á 15 studiepoeng: Matematikk 1, del 1 og Matematikk 1, del 2. Studieplanen tar utgangspunkt i rammeplanen for matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga 1-7.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Studiet går over to semester, og er eit reint nettstudium.

Studiet har ni arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Du treng ikkje tilhøyre ei gruppe når du søker.

Sjå samlingsdatoar

Slik er det å vere nettstudent

Fakta om studiet

Studiestad:
Nettstudium
Studielengd:
1 år deltid
Studiepoeng:
30
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning) og vere i ein lærarstilling. 
Studiekode:
1999
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.08.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak