Hopp til innholdMeny

Medisinsk testing

Studentar som skal ha praksis eller klinisk undervisning ved sjukehus, sjukeheim og andre buformer for heildøgns pleie, pliktar å gjennomgå undersøking for MRSA. Før du skal ut i praksis må du bekrefte at du har lest og forstått informasjonen om medisinsk testing, vaksinasjon og smitterisiko.

Vaksinasjon mot tuberkulose

Nasjonalt folkehelseinstitutt tilrår studentar som i studietida har pasientretta praksis i tre månader eller meir, å vaksinere seg mot tuberkulose (BCG-vaksine). Under praksis og klinisk undervisning i helsefagutdanningane kan du vere utsett for tuberkulosesmitte.

Dersom du ikkje har fått BCG-vaksine tidlegare, kan du kontakte kommunehelsetenesta eller ditt lokale legekontor og be om BCG-vaksinasjon.

Tuberkuloseundersøking

Viss du svarar ja på eit eller fleire av spørsmåla under, må du gjennomføre medisinsk testing og melde frå til det instituttet du er student. Dette gjeld også dersom du reiser til eit risikoland eller på annan måte blir utsett for auka smitterisiko.

  • Har du i løpet av de 3 siste åra opphalde deg sammenhengande i over 3 månader i land med høg forekomst av tuberkulose?
  • Har du vore i kontakt med tuberkuløs smitte eller kan du på andre måtar ha vore utsett for tuberkuløs smitte?

Dersom du svarar JA på minst eit av spørsmåla over, gjeld følgjande:

  • Du har lovpålagt plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking.
  • Du må levere dokumentasjon på gjennomført medisinsk undersøking: røntgen thorax og Mantoux-prøve til studieadministrasjonen ved ditt institutt.
  • Du må sjølv avtale tid for gjennomføring av testen hos din lege eller smittevernlege der du er busett.
  • Du kan ikkje starte praksisopplæring/klinisk undervisning før du kan dokumentere gjennomgått medisinsk undersøking som viser at du ikkje er smitta av/bærar av tuberkulose.

Tuberkulose-undersøkingar er gratis. Du finn meir informasjon i forskrift om tuberkulosekontroll.

Dersom du svarar NEI på begge spørsmåla treng du ikkje foreta deg noko. Men husk at du pliktar å varsle instituttet ditt dersom nokre av svara endrar seg undervegs i studietida.

Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA)

Les gjennom punkta under:

  • Eg har tidlegare fått påvist MRSA, men ikkje seinare hatt tre negative kontrollprøvar.
     
  • Eg har i løpet av dei siste 12 månadane
    • fått påvist MRSA (sjølv om seinare kontrollprøvar har vore negative)
    • budd i same husstand som nokon som er MRSA-positiv
    • hatt nær kontakt med nokon som er MRSA-positiv utan å bruke beskyttelsesutstyr (med nær kontakt meiner ein kontakt som gir begrunna mistanke om smitte)
    • vore innlagt i helseinstitusjon i land utanfor Norden
    • fått omfattande helsemessig undersøking eller behandling i land utanfor Norden
    • arbeidd som helsepersonell i land utanfor Norden
    • oppholdt meg i barneheim eller flyktningleir i land utanfor Norden
    • oppholdt meg samanhengande i meir enn 6 veker i land utanfor Norden, og har symptom på hud-/sårinfeksjon, kronisk hudliding eller eg har innlagt medisinsk utstyr gjennom hud eller slimhinner

Dersom du svarar JA på minst eit av punkta over, gjeld følgjande:

  • Du har plikt til å gjennomgå testing for meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA-prøve).
  • Du må sjølv ordne med å få tatt nødvendig medisinsk testing hos din lege. Hugs at det kan ta opptil 10 dagar å få prøvesvar klare.
  • Du må levere dokumentasjon på gjennomført MRSA-prøve til ditt institutt.
  • Du kan ikkje starte praksisopplæring/klinisk undervisning før du kan dokumentere gjennomgått medisinsk test som viser at du ikkje er smitta av/bærar av MRSA.

Du finn meir informasjon i forskrift om forhåndsundersøkelse av arbeidstakere innen helsevesenet.

Dersom du svarar NEI på alle punkta over, treng du ikkje foreta deg noko. Men hugs at du pliktar å varsle instituttet ditt dersom nokre av svara endrar seg undervegs i studiet.

Vaksinering mot hepatitt B

Studentar ved enkelte kliniske vidareutdanningar har rett på gratis vaksinering mot hepatitt B i samband med praksis. Du må sjølv henvende deg til lege for å få gjennomført vaksinasjonen.

Du finn meir informasjon i smittevernloven, § 6.1.