01 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Besøk til Polen Utskriftsvennleg versjon

Fagtilsette frå ingeniørutdanninga hadde møte med tilsette frå Silesian University of Technology i Gliwice 14. mai.

Sundag 13. mai hadde vi eit uformelt møte i Krakow med dei to lærarane som vil komme til oss i september; Rafal Cupek og Piotr Gaj.

Besøket ved universitetet i Gliwice tok til kl 10:00 måndag 14. mai. Vi var litt forseinka, så starten med omvisning på laboratoria vart noko forkorta. Det var likevel nok tid til å sjå at dette er eit universitet som held eit svært høgt fagleg nivå.
Deretter følgde ein presentasjon av universitetet v/ Dr. Polanska og vi fortalde om HSF. Under lunsjen traff vi professor Rutkowski, dekanen for Automatic Control, Electronics and Computer Science. Klokka to var dei ei økt med studentar. Vi la fram presentasjonen av HSF, og hadde i tillegg ein fagleg presentasjon. Det er tre studentar som ynskjer å komme til HSF våren 2008. Dei vil vere hos oss eit semester.

Meir informasjon om det polske universitet finn du her: Silesian University of Technology

Besøket til Polen var vellukka, og vi ser fram til samarbeidet!


Sist endra av: Joar Sande, 29. mai 2007 10:35:56
Publisert av: Joar Sande, 29. mai 2007 10:33:30

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane