16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Allmennlærarutdanninga er evaluert Utskriftsvennleg versjon

27. september overleverte NOKUT sluttrapport frå ei stor evaluering av norsk allmennlærarutdanning til statsråd Djupedal. For Høgskulen i Sogn og Fjordane er rapporten i det vesentlege positiv og det er grunn til å hevda at allmennlærarutdanninga vår kjem godt ut av evalueringa.

NOKUT har gjennomført denne programevalueringa på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og den har pågått i nærare to år.

Evalueringa omfattar alle dei 20 institusjonane som driv allmennlærarutdanning i Noreg; 18 statlege høgskular, eitt universitet og ein privat høgskule. Sluttrapporten frå evalueringa har to delar; ein samlande hovudrapport og ein del som inneheld rapport for den einskilde institusjonen. Leiar av evalueringa har vore professor Sven-Erik Hansen frå Åbo Akademi i Finland.

Inga slakt eller rangering

Studiedirektør Terje Bjelle seier at det frå nokre hald var forventningar i retning av at evalueringa skulle resultera i ei slags ”slakt” av allmennlærarutdanninga. Det vart ikkje resultatet, men hovudinntrykket frå evalueringa er at kvaliteten er varierande og at det er ei rekkje område som bør forbetrast og utviklast. Eit viktig punkt er mangelen på samanheng i utdanninga og særleg manglande integrering av praksis, fagstudium, fagdidaktisk- og pedagogisk teori. Det er i det heile vanskeleg å få grep om kva som utgjer den samlande, heilskaplege og integrerande krafta i utdanninga, heiter det innleiingsvis i sluttrapporten.

I sluttrapporten er ikkje dei einskilde utdanningane rangerte med omsyn til kvalitet, men rapporten inneheld mange samanliknande tabellar og det er konklusjonar og tilrådingar for kvar einskild institusjon som driv allmennlærarutdanninga. Rapporten viser at kvaliteten på utdanninga varierer til dels mykje mellom dei einskilde institusjonane. Nokre få får svært god omtale og nokre får passet påskrive på ein måte som på langt nær er tilfredsstillande. Rapporten viser at det ikkje er nokon samanheng mellom storleik og kvalitet i utdanningane. Nokre av institusjonane i dei største byane er blant dei som kjem relativt dårleg ut av evalueringa.

Mykje er positivt ved HSF

For Høgskulen i Sogn og Fjordane er rapporten i det vesentlege positiv og det er grunn til å hevda at allmennlærarutdanninga vår kjem godt ut av evalueringa. Rapporten viser til at HSF har betydelege utfordringar når det gjeld studentrekrutteringa særleg til heiltidsutdanninga, og at dette mellom anna bør gi grunn til bekymring både i forhold til inntakskvalitet og studiemiljøet i Sogndal. Tydeleggjering og bruk av dei tilsette sitt fou-arbeid i undervisinga og mangel på formell pedagogisk kompetanse hjå nokre av dei tilsette er andre forhold som høgskulen vert rådd til å arbeida med framover.

Til dette kan dekan Svein Heggheim opplyse at avdelinga allereie er i godt inngrep med å betre kvaliteten. Ein ny fou-plan er vedteken, og den er heilt i tråd med tilrådingane frå rapporten. Når det gjeld manglande pedagogisk kompetanse er det viktig å vere klar over at prosentar med små tal kan gje eit skeivt bilete. Dette gjeld ikkje mange, og institusjonen sine høgskulepedagogiske tiltak vil bli nytta fullt ut for dei få personane dette gjeld.

På den positive sida heiter det at høgskulen har eit godt grep om praksisopplæringa, at faglærarar, administrasjon og bibliotek gir god rettleiing og er lett tilgjengelege. Eit godt og fruktbart samarbeid med skuleverket og høg kompetanse på desentraliserte og nettbaserte løysingar vert også trekt fram. I samanliknaninga med dei andre institusjonane markerer HSF seg mellom anna med høgare formell kompetanse hjå dei tilsette enn gjennomsnittleg for alle institusjonane og større ressursinnsats per student. God tilgang på pc’ar for studentane vert også trekt fram.

Generelle tilrådingar

Bjelle seier til slutt at evalueringa kjem med nokre få generelle tilrådingar for den vidare utviklinga av allmennlærarutdanninga i landet, og nemner spesielt at departementet bør vurdera å gjera utdanninga femårig. I debatten etter konferansen sa statsråd Djupedal at evalueringa skal følgjast opp med sikte på å få til så god kvalitet som mogeleg i ei av dei aller viktigaste utdanningane i Noreg, og at det ikkje er nokon som helst slags grunn for institusjonane til å venta på departementet eller andre med å setja i verk tiltak.

Frå høgskulen si side vil tilrådingane i rapporten bli følgd opp.

Kunnskapsdepartementet si pressemelding: - Må skjerpe kravene til lærerutdanningen

Hovudrapporten (pdf) hos NOKUT

Institusjonsrapportane (pdf) hos NOKUT


Sist endra av: Berit Amundsen, 06. oktober 2006 13:37:48
Publisert av: Berit Amundsen, 06. oktober 2006 13:18:53

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane