Dei offentleg eigde verksemdene treng flinke styremedlemmer, òg i Sogn og Fjordane. KS Bedrift saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr eit skreddarsydd studium.
Mange styremedlemmer i offentleg eigde verksemder har for dårleg kunnskap om arbeidet dei skal gjera. Resultatet kan bli samanblanding av roller, avgjerder på sviktande grunnlag og store overskrifter i avisa. Høgskulen i Sogn og Fjordane saman med KS Bedrift tilbyr difor studiet "God virksomhetsstyring". Deltakarane som gjennomfører programmet og står på eksamen, får 15 studiepoeng. Dei som i tillegg får godkjent CV-en sin, kan registrera seg i Innovasjon Norge sin Styrekandidatbase.
Samlingane er på Skei Hotell i Jølster 23.-24. oktober 2006, 27.-28. november 2006 og 8.-10. januar 2007. Påmeldingsfrist er 1. oktober.
Elektronisk påmelding og meir informasjon.
Sist endra av: Tone Skjerdal, 18. september 2006 14:21:22
Publisert av: Tone Skjerdal, 14. september 2006 14:41:29
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane