16 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Seksjon for engelsk Utskriftsvennleg versjon

 Parti frå York.
Parti frå York.
Klikk for større bilete

Engelskseksjonen ved HSF er eit lite fagmiljø på 5 tilsette som held til i Fossbygget i Sogndal.

Seksjonen tilbyr for tida:

  • årsstudium i engelsk med fagdidaktikk
  • halvårig vidareutdanning i engelsk for lærarar
  • engelsk for reiselivet som valfag i bachelorstudium t.d. Turisme og reiseliv og Økonomi og administrasjon
  • "skreddarsydde" kurs for næringslivet og offentleg sektor gjennom HSF Oppdrag.

Største nysatsinga på eksternfinansierte kurs i 2006 har vore knytt til Utdannings- og forskingsdepartementet sitt Kompetanseløft for skuleverket. Finansiert av midlar frå Kompetanseløftet avvikla avdelinga våren 2006 vidareutdanningane tysk 2 og fransk 2 for lærarar, kvart kurs på 15 sp. Dessverre var det ikkje interesse i regionen for å kjøpe kurs i tysk og fransk også hausten 2006. Seksjonen har også gjennomført kurs i engelsk for Hydro i Årdal.

FoU

Vidare har avdelinga ansvaret for det nasjonale nettverket for kompetanseutvikling i engelsk. Dette har avdelinga hatt sidan 2001. Nettverket skal bidra til å samordne og og kvalitetssikre den kompetanseutviklinga som vert tilbydd lærarar og skuleleiarar. Eit anna mål er å synleggjere ei meir heilskapleg kompetanseutvikling i tråd med lov-, regel- og læreplanverk, og å auke kompetansen ved høgskulane og universiteta når dei skal tilby vidare- og etterudanning for lærarar.

John Seriot har eit ikkje-finansiert doktorgradsprosjekt om utviklinga av språket Norn. Han får noko støtte fra forskingsrådet over prosjektet ”Små driftsmidler” og noko frå interne midlar på avdelinga. Han er dr.gradstudent ved Universitetet i Fribourg, Sveits.

Fagmiljøet

Husabø, Turid høgskulelektor

Høvik, Knut Øystein høgskulelektor

Rørvik, Sylvi høgskulelektor

Seriot, John høgskulelektor

Sørheim, Bjørn førsteamanuensis og studieleiar



Sist endra av: Tom N. Pedersen, 07. november 2007 12:52:42
Publisert av: Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 08:16:52

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane