15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Praktisk organisasjonsarbeid kan gje deg 10 studiepoeng Utskriftsvennleg versjon

Høgskulen tilbyr eit 10 studiepoengsemne "Innføring i praktisk organisasjonsarbeid" med emnekode OR625.

Emnet er retta mot studentar med ulike verv i Høgskulen og i studentmiljøet. Undervisninga blir gitt på Foss, truleg ein ettermiddag i veka i vårsemestert.

Studentar som skal ha OR625 inn på vitnemålet som ein del av studiet sitt, må fylla ut meldeskjema ved endring av utdanningsplanen (ligg på Arena Høgskule) og levera dette i Studenttorget. Skjemaet kan og sendast som vedlegg til studenttorg@hisf.no.

Studentar som ikkje skal ha emnet på vitnemålet, kan sende emnepåmelding til studenttorg@hisf.no. Påmeldinga må innehalde studentnummer og namn. Desse studentane får tilsendt eiga karakterutskrift for emnet.

Alle vert automatisk meldt til eksamen.

Les meir om emnet i studieplanen her.


Sist endra av: Berit Amundsen, 05. januar 2007 09:18:29
Publisert av: Tom N. Pedersen, 04. januar 2007 13:22:18

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane