| Aktuelt | |
| Besøk frå Det Norske Studiesenteret i York |
| SONGS AND RHYMES | |
| Nettverk for kompetanseutvikling i engelsk |

Engelskseksjonen ved HSF er eit lite fagmiljø på 5 tilsette som held til i Fossbygget i Sogndal.
Seksjonen tilbyr for tida:
Største nysatsinga på eksternfinansierte kurs i 2006 har vore knytt til Utdannings- og forskingsdepartementet sitt Kompetanseløft for skuleverket. Finansiert av midlar frå Kompetanseløftet avvikla avdelinga våren 2006 vidareutdanningane tysk 2 og fransk 2 for lærarar, kvart kurs på 15 sp. Dessverre var det ikkje interesse i regionen for å kjøpe kurs i tysk og fransk også hausten 2006. Seksjonen har også gjennomført kurs i engelsk for Hydro i Årdal.
FoU
Vidare har avdelinga ansvaret for det nasjonale nettverket for kompetanseutvikling i engelsk. Dette har avdelinga hatt sidan 2001. Nettverket skal bidra til å samordne og og kvalitetssikre den kompetanseutviklinga som vert tilbydd lærarar og skuleleiarar. Eit anna mål er å synleggjere ei meir heilskapleg kompetanseutvikling i tråd med lov-, regel- og læreplanverk, og å auke kompetansen ved høgskulane og universiteta når dei skal tilby vidare- og etterudanning for lærarar.
John Seriot har eit ikkje-finansiert doktorgradsprosjekt om utviklinga av språket Norn. Han får noko støtte fra forskingsrådet over prosjektet ”Små driftsmidler” og noko frå interne midlar på avdelinga. Han er dr.gradstudent ved Universitetet i Fribourg, Sveits.
Fagmiljøet
Husabø, Turid høgskulelektor
Høvik, Knut Øystein høgskulelektor
Oltedal, Elizabeth høgskulelektor
Seriot, John høgskulelektor
Sørheim, Bjørn førsteamanuensis og studieleiar
Sist endra av: Berit Amundsen, 25. mai 2007 16:10:01
Publisert av: Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 08:16:52
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane