Generell studiekompetanse
Reglane for generell studiekompetanse er fastsette i "Forskrift om generell studiekompetanse som grunnlag for opptak til universitet og høgskolar".
Generell studiekompetanse inneheld to krav som begge normalt må vere oppfylt:
Krav 1
- fullført og bestått 3-årig vidaregåande utdanning (grunnkurs, VKI og VKII eller tilsvarande)
eller
-fagbrev/sveinebrev
eller
-fylte 23 år i løpet av opptaksåret og 5 års fulltids arbeiderfaring eller ein kombinasjon av fulltidserfaring frå arbeid og utdanning som samla utgjer minst 5 år, den såkalla 23/5-regelen.
Krav 2
Desse felles allmenne faga må vere dekt innanfor eller takast i tillegg til krav 1:
- norsk (hovudmål, sidemål og munnleg, 14 veketimar)
- engelsk (5 veketimar)
- samfunnsfag vert dekka av samfunnslære (2 veketimar) og nyare historie (4 veketimar)
- matematikk (5 veketimar)
- naturfag (5 veketimar)
Unntak frå kravet om generell studiekompetanse
Rangering av søkjarar
Reglane for rangering av søkjarar er fastsette i "Forskrift om rangering av søkere ved opptak til grunnutdanninger ved universiteter og høgskoler".
Poengutrekning er felles for alle:
|
Karakterpoeng |
|
|
+ |
fordjupningspoeng |
|
+ |
realfagspoeng |
|
+ |
evt bonuspoeng |
|
+ |
evt kjønnspoeng |
|
= |
skulepoeng |
|
+ |
tilleggspoeng |
|
= |
konkurransepoeng |
Karakterpoeng
Det er fastsett nye reglar for utrekning av gjennomsnitt frå og med opptaket 2001/2002. Gjennomsnittskarakteren vert rekna ut på grunnlag av middelverdiane for kvart fag, slik at gjennomsnittet blir summen av alle middelverdiane delt på antal fag. Denne gjennomsnittskarakteren, utrekna med to desimalar, vert multiplisert med 10. Meir om middelverdi sjå Søkarhandboka, eller ta kontakt med høgskulen.
Fordjupningspoeng
2 poeng for kvar fordjupningsfag, maksimum 4 poeng. Vert gitt for linje-/studieretningsfag utover minstekrav for vitnemål. I Reform 94 kan ein få 3 poeng for studieretningsfag på 15 veketimar og 4 poeng for studieretningsfag på 20 veketimar.
Realfagspoeng
Det vert gitt 0,5 poeng for kvart av faga matematikk, biologi, fysikk og kjemi i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag dersom dette er fordjupning.
Tilleggspoeng
Alderspoeng: 2 poeng for kvart år, maksimum 8 poeng
Alderspoeng vert gitt frå og med det året søkjaren fyller 20 år for søkjarar med:
Alderspoeng vert gitt frå og med det året søkjaren fyller 24 år for:
Andre tilleggspoeng: 3 poeng for høgre utdanning, militær/sivilteneste eller folkehøgskule vert gitt for anten:
3 poeng er maksimum sjølv om søkjaren har fleire av desse alternativa dekkja.
Fullført halvårig studium eller 30 studiepoeng (10 vekttal) gir 1,5 poeng. Det same gjeld for ex.phil. med påbyggingsstudium som samla utgjer eit førstesemesterstudium. Ex.phil. saman med ex.fac. gir 1 poeng.
Kvotar
Primærvitnemålskvote for søkjarar opp til 21 år. I denne kvota konkurrerer søkjarane berre på grunnlag av skulepoeng (karakterpoeng og fordjupingspoeng/ realfagspoeng/bonuspoeng).
NB! I denne kvota vil det ikkje bli høve til å konkurrere med karakterforbetringar.
Spesielle opptakskrav
For bachelor i ingeniørfag –elektro, bachelor i geologi og årsstudium i naturfag, er det spesielle opptakskrav som kjem i tillegg til generell studiekompetanse (jf. Forskrift om opptak til universitet og høgskular, § 4-1, punkt 3, bokstav c og d).
HSF tilbyr sommarkurs for dei som manglar det spesielle opptakskravet til ingeniørutdanninga. Studentar som tek sommarkurset, får 6 veker intensiv matematikkopplæring, for så å fortsette med fysikk gjennom det første studieåret. Opptakskravet til sommarkurset er generell studiekompetanse eller godkjent realkompetanse. Kurset må vere greidd før HSF kan gje endeleg tilsegn om opptak. Studentar som fullfører sommarkurset, er garantert studieplass på bachelorstudiet i ingeniørfag – elektro. Søknadsskjema ligg på HSF sine sider under lokalt opptak.
For opptak til allmennlærarutdanninga er det krav om minst 35 skulepoeng (omfattar karakter-, fordjupings-, realfags- og bonuspoeng) og eit snitt på minst 3,0 i både norsk og matematikk (jf. Forskrift om opptak til universitet og høgskular, § 4-1, bokstav g). Slik reknar ein ut snittet i norsk/matematikk:
- Døme 1: Ein elev har desse karakterane i norsk:
|
Standpunkt |
Eksamen |
Middelverdi |
|
|
Hovudmål |
3 |
4 |
3,5 |
|
Sidemål |
3 |
3 |
3 |
|
Munnleg |
2 |
2 |
Eleven får ein snittkarakter på 8,5/3 = 2,8 og er dermed ikkje kvalifisert for studiet.
- Døme 2: Ein elev har eit karaktersnitt på 3,0. Dette gir ein karakterpoengsum på 30. I tillegg har ho fire fordjupingspoeng og eitt realfagspoeng. Dette gir til saman 35 skulepoeng. Dersom ho samtidig har minst 3 i matematikk og norsk, er ho kvalifisert til studiet
Sist endra av: Sindre Børsheim Ramung, 28. juni 2007 10:07:51
Publisert av: Berit Amundsen, 26. januar 2007 12:38:49
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane