HSF-RUNDSKRIV NR. 2/97 J.NR.: 8077/97 ARKIV: 201
Dato: 11. april 1997
Referansar: Statens personalhåndbok
Vedtaksgrunnlag: S-sak 140/96 og 35/97 i HSF-styret
Sakshandsamar: Bente Heiberg, personal og økonomiadministrasjonen
Gjeldande frå 20.03.97
Oppdatert med henvisningar til lov og regelverk april 2007
INNLEIING
1.1 Reglementet sin status og bruk
Dette reglementet er ei oversikt over ulike lovar, reglar og avtaler som gjeld permisjonar for tilsette i staten og statlege høgskular. Vi har trekt fram hovudinnhaldet i det gjeldande statlege avtaleverket om permisjonar og gruppert dei i naturleg samanheng. Det statlege regelverket er overordna HSF sitt regelverk og ein må gå tilbake til lover/regelverk/avtalar når einskildsaker skal handsamast. Dersom det blir endringar i det sentrale avtaleverket skal dette innarbeidast i HSF-reglementet.
Alle paragrafane i HSF sitt reglement har heimelsgrunnlag i statens personalhandbok eller personalreglementet for statlege høgskular. Dette er det vist til ved kvar paragraf. Ved alle paragrafane er det og vist til kven som har avgjerdsmynde.
Der det statlege avtaleverket gjev rom for skjønn har vi utarbeidt nærare køyrereglar for HSF. Permisjonar som skal skjønnsvurderast skal som hovudregel handsamast i HSF sine tilsetjingsorgan. Permisjonar der regelverket gjev rom for tolkingar, som kan føre til ulik handsaming av dei tilsette, skal som hovudregel hansamast av direktøren. Permisjonar der dei tilsette har klare rettar skal som hovudregel handsamast av næraste overordna.
1.2. Søknad og sakshandsaming
Alle meldingar og søknader skal gå gjennom næraste overordna/kontorsjef også når avgjersmynde er hjå direktør/mellomleiar eller tilsetjingsorgan. Også om ein skal ta ut permisjonsdagar ein har rett på skal det avtalast med næraste overordna/kontorsjef i god tid på førehand
1.3. Generellt om heimelsgrunnlaget
Permisjonar som høgskulen gjev kan delast i to hovudgrupper.
-permisjonar ein kan få eller har rett på som arbeidstakar i staten
-permisjonar som vert gitt av høgskulen med bakgrunn i personalreglementet § 13
Permisjonsreglementet for HSF bygger på dei lover, reglar og avtalar som gjeld for tilsette i statlege institusjonar. Utdrag av heimelstekstane er tekne med og vi har synt til kor ein kan finne dei fullstendige tekstane. Vi har nytta slike forkortingar:
PH - Statens personalhandbok
HTA - Fellesbestemmelsane i hovudtariffavtalen
HA - Hovudavtalen
AML - Arbeidsmiljølova
TL - Tenestemannslova
PR Personalreglementet for statlege høgskular gjeldande frå 01.02.96
1.4. Oversikt over permisjonar etter Statens Personalhandbok
Permisjonar ein har rett på som arbeidstakarar i staten går fram av Statens Personalhandbok.
- Fødsel-og adopsjon permisjonar Punkt 7.3.19
- Fedrekvote: Punkt 7.3.19, note 2
- Tidskontoordning: Punkt, 7.3.19, note 2
- Omsorg og velferdspermisjonar Fellesbestemmelsene §§ 19- 22.
- Militærteneste, Punkt 10.8.4.4:
- Rett til redusert arbeidstid: Arbeidsmiljølova § 10-2
- Utdanningspermisjonar: Punkt 10.8.3
- Permisjon for å utføre offentlege verv og organisasjonsmessige oppdrag:
Punkt 10.8.5, HA §§ 34 og 35
- Velferdspermisjonar: Punkt 7.3.22
- Permisjonar for å delta i internasjonalt arbeid: Punkt 10.8.5.
- Permisjonar utan lønn: Punkt 10.8.7
- Rammeavtalen om fleksibel arbeidstid Kortidsfråvær med lønn: HA §7
1.5 Permisjonar etter Personalreglementet for statlege høgskular § 13
1 a. Permisjon bør, så langt tjenesten tillater det, gis tjenestemann som ønsker å gjennomføre en utdanning eller utføre et arbeid som er av betydning for vedkommendes videre faglige utvikling i statens t tjeneste.
b. Permisjon for å overta annen statsstilling eller i særlige tilfeller stilling utenfor statsforvaltningen, kan gis i inntil ett år.
Permisjon for tidsbegrenset tjenestegjøring i utdanningsstilling, i stilling for oppdragsvirksomhet eller annen tjeneste av spesiell interesse for høgskolen, kan gis for det tidsrom som er nødvendig for formålet.
c. Den instans som har tilsettingsmyndighet for vedkommende stilling, avgjør spørsmålet om permisjon.
1.6. Permisjonar og deira verknad på rettar ein har i staten
Permisjonar som kan reknast med i tenesteansienniteten finn vi i HTA § 6 og vi nemner.
*Permisjon med heil eller delvis lønn.
*Permisjon ved oppdrag i tenestemannsorganisasjonar og for å utføre offentlege verv.
*Permisjon utan lønn for omsorgsarbeid, militærteneste, sivilforsvarsteneste, politi-og sivilteneste.
Omsorgspermisjon utan lønn p.g.a. alvorleg sjukdom i familien tel med i tenesteansienniteten med inntil 3 månader.
Når det gjeld ansiennietsutrekningar ved omstillingar/innskrenkingar vil dei permisjonar som er nevnt i HVA §6 og dei permisjonar ein har rett til etter AML kap VIII(rett til fri frå arbeid.) telje med.
Samanhengande teneste er viktig for opparbeiding av rettar til stillingar i staten.(Tenestemannslova §9 og §10 og §13). Når det gjeld permisjonar vil permisjonstida gå til frådrag når ein reknar tenestetida. Det er berre den tida ein yter arbeid for høgskulen, samt ferier og korte sjukefråver som ikkje går til fradrag når det er snakk om samanhengande teneste(PM melding 10/96)
PERMISJONAR
2.1 Permisjonar ved sjukdom, fødsel og adopsjonar
§ 1 Permisjon under sjukdom (HTA § 18).
Ein arbeidstakar har rett til full lønn under sjukdom inntil 49 veker og 5 kalendardagar. (Dei 16 første kalendardagane tilsvarer arbeidsgjevarperioden i folketrygdlova.) Nytilsett arbeidstakar må fysisk ha møtt opp på arbeidsstaden for å byrje i arbeidet for å få rett til sjukelønn. Arbeidstakar som har vore heilt arbeidsfør i heile stillinga i 6 månader samanhengande sidan han sist fekk lønn under sjukdom har opparbeidd seg ny rett til sjukelønn.
HSF er IA-verksemd har har avtale om eigenmelding inntil 8 kalendardagar pr sjukdomstilfelle. Det er ikkje avgrensingar i tal eigenmeldingsperiodar, men tal eigenmeldingsdagar er avgrensa til 24 kalenderdagar i løpet av 12 månader.
Avgjerdsmynde: Næraste overordna
Dersom dette skjer meir enn 4 gonger i løpet av 12 månader, kan arbeidsgjevar kreve legeattest for alt sjukefråver for å utbetale lønn.
Avgjerdsmynde: Personalsjef
§ 2 Sjukepermisjon utover 1 år (PH 7.3.11)
Arbeidstakar som har vore sjukemeldt samanhengande i 2+50 veker må søke høgskulen om sjukepermisjon. Fråsegn frå lege må leggjast ved. Slik permisjon vert gitt utan lønn og vil til vanlig bli gitt for inntil 1 år.
Etter ny søknad kan permisjonen bli forlenga dersom det etter lækjaren si vurdering er sannsynleg at vedkomande kan bli friskmeldt innan rimeleg tid.
Tilsetjingstilhøve er ikkje avslutta før det er sagt opp av ein av partane.
Avgjersmynde: Tilsetjingsorgan
§ 3 Permisjon for omsorg av sjuke barn (HTA § 20)
A.Ein arbeidstakar som har omsorg for barn under 12 år har rett på inntil 10 dagar fri med lønn pr kalenderår (15 dersom omsorg for 3 eller fleire) for nødvendig tilsyn med sjuke barn eller dersom den som har tilsynet er sjuk. Ein arbeidstakar som er åleine med omsorgen har rett på 20 fridagar (30 for tre eller fleire)
Avgjerdsmynde: Næraste overordna
B. Ein arbeidstakar som har barn under 18 år med livstruande eller annan svært alvorleg sjukdom har rett til permisjon med lønn i inntil tre år etter reglane i folketrygdlova kap 9 og AML 12-9. Første år med full lønn og dei to neste med 65% lønn. Sjukdomen må legitimerast med legeerklæring ved fråver utover 3 kalenderdagar.
Avgjerdsmynde Personalsjefen
§ 4 Fødselspermisjon (AML kap 12 og HTA § 19)
Føresetnaden er at arbeidstakar har vore i arbeid 6 av 10 månader før fødsel.
Fødsel gjev rett til fri med full lønn i 44 veker, eller fri med 80% lønn i 54 veker. Retten vert utvida med 5 (7) veker for kvart barn ut over eitt ved same fødsel.
3 av vekene må takast ut før fødselen og 6 av vekene er fedrekvote. Arbeidet kan takast opp att 6 veker etter fødselen og ein har rett til å inngå ein tidskontoavtale. Lønn under fødselspermisjon er for den stillinga ein ville hatt om ein var i arbeid. Melding om fødselspermisjon skal ein gje så tidleg som mogleg og seinast 4 veker før .
Avgjerdsmynde: Næraste overordna
Avtale om tidskonto: Personalsjefen
§ 5 Permisjon ved adopsjon (AML kap 12 og HTA § 19)
Føresetnaden er at arbeidstakar har vore i arbeid 6 av 10 månader før adopsjon. Adopsjon av barn under 15 år gjev rett til tenestefri med lønn i 41 veker (80 % lønn i 51 veker) Retten blir forlenga med 5 (7) veker for kvart barn utover eitt som vert adoptert samstundes. Kvar av adoptivforeldrene må nytte minst 4 veker av permisjonstida. Tidskontoordning kan og nyttast ved adopsjon.
Avgjerdsmynde: Næraste overordna
§ 6 Permisjon ved amming (AML § 12-8 og HTA § 19.4)
Ei arbeidstakar som arbeider full dag og som ammar barnet sitt har rett til tenestefri med lønn i inntil 2 timar. For amming etter at barnet er 9 månader kan arbeidsgjevar be om stadfesting frå helsestasjon eller lege.
Avgjerdsmynde: Næraste overordna
2.2. Utdanningspermisjonar
§ 7 Permisjonar utan lønn (PR §13, PH 10.8.3)
A. Arbeidstakar som ønskjer å gjennomføre ei utdanning som er av betydning for vedkomande si faglege utvikling i HSF si teneste bør få slik permisjon innvilga, så sant det ikkje er til for stor ulempe for HSF.
Avgjersmynde Tilsetjingsorgan
§ 8 Permisjonar med lønn.(PH 9.11 Særavtale om permisjon og økonomisk vilkår ved etter- og videreutdanning)
A. Som hovudregel vil ikkje HSF innvilge heil (100%) utdannings-permisjonar med full lønn. Unnataket er dersom kompetansen er nødvendig i samband med omstillingar i høgskulen.
Avgjerdsmynde: Tilsetjingsorgan/direktør
B. HSF kan gje permisjon med lønn med inntil 4 undervisningstimar pr. veke dersom ein arbeidstakar ønskjer å følgje deler av høgskulen sin undervisning i fag som har betydning for arbeidet i høgskulen.
Avgjersmynde:Næraste overordna.
C. HSF kan og vurdere permisjonar med lønn utover 4 timar og permisjonar av tilsvarande omfang og karakter som under punkt B til utdanning ved andre institusjonar, t.d. deltidsutdanningar som inneber vekesamlingar og reisetid.
Avgjersmynde. Direktøren.
§ 9 Eksamen og lesedager (PH 9.11 Særavtale om permisjon og økonomisk vilkår ved etter- og videreutdanning § 10)
Det vert gitt permisjon med lønn for eksamensdagar i grunnskule, vidaregåande skule, vidaregåande utdanningar, høgskular og universitet. Det blir gitt 2 lesedagar(arbeidsdagar) for kvar eksamensdag. Lesedagane blir gitt i tilknyting til eksamen. Dersom utdanninga ikkje har betydning for arbeidstakar sitt arbeid i høgskulen er denne retten avgrensa til 4 eksamensdagar i året. Retten gjeld for alle tilsette med meir enn 14 arbeidstimar pr. veke.
Avgjerdsmynde: Næraste overordna.
2.3 Permisjon for utføring av ulike verv
§ 10 Tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonane (HA §§ 33 og 34)
A. Tillitsverv i HSF
Tillitsvalgte i arbeidstakarorganisasjonar skal ha fri med lønn for å utføre tillitsverva i HSF. Ressursar til dette skal innarbeidas i arbeidsavtalen for fagtilsette og bruken av tildelte ressursar skal drøftast med næraste overordna/tillitsvald slik at vervet kan utførast. Jfr tilpasningsavtalen av 20.03.02 og HA § 31 nr. 5.
B. Deltaking på nødvendige styremøter og kurs
Tillitsvalgte og tilsette med tillitsverv jfr. HA § 34 skal ikkje utan tvingande grunnar bli nekta fri med lønn for å delta på arbeidstakarorganisasjonane sine ulike styresamlingar og kongressar og på organisasjonsfaglege kurs.
C. Organisasjonsmessige oppdrag
Tillitsvalde og andre arbeidstakarar har rett på inntil 12 dagar permisjon med lønn for å utføre organisasjonsmessige oppdrag. Permisjon utover dette vert gitt utan lønn. Den permitterte vert då trekt i lønn ved HSF og må sjølv ta lønnsoppgjeret for slike dagar med oppdragsgjevar.
Avgjersmynde: Næraste overordna.
§ 11 Permisjon for å ta arbeid eller tillitsverv i arbeidstakarorganisasjon (HA § 35)
A. Tillitsverv
Medlemar har rett til å få permisjon utan lønn for å ta tillitsverv i den organisasjonen dei er medlem av, og i hovudsamanslutning/organisasjon organisasjonen er tilslutta.
B. Funksjonær
Medlemmar som vert tilsett som funksjonær i si arbeidstakarorganisasjon/ organisasjon innan same hovudsamanslutning/hovudsamanslutning har rett på permisjon utan lønn i inntil 3 år.
Avgjerdsmynde. Direktør.
Permisjon utover 3 år skal avgjerast av tilsetjingsorgan.
§ 12 Offentleg tillitsverv (PH 10.1.3.2 og 12.8.5.2)
A. Arbeidstakar har rett til fri med lønn 12 dagar i kalenderåret for å utføre offentlege tillitsverv. Med offentlege tillitsverv meinast ombod som er oppretta ved lov /heimel i lov og som ein ikkje kan nekte å ta imot, slik som medlem av kommunale/fylkeskommunale politiske organ, rettsvitne, domsmann, lagrettemann, skjønnsmann e.t.c.
B. Dagar utover dei 12 vert gitt som permisjon utan lønn. Den permiterte vert då trekt i lønn ved HSF og må sjølv ta lønnsoppgjeret for slike dagar med oppdragsgjevar.
Avgjersmynde: Næraste overordna
C .Arbeidstakarar som vert vald til offentleg verv på heiltid vert innvilga permisjon utan lønn.
Avgjerdsmynde Direktør
2.4 Overgang til anna stilling (PR § 13 , PH 12.8.7.2)
§ 13. Overgang til ny fast stilling
Det kan innvilgast permisjon for inntil eitt år for å gå over i ny fast stilling utanom HSF. Vurderingar vil bli gjort i kvart enkelt tilfelle og høgskulen sin tarv vil vege tungt i desse vurderingane
I vurderingane skal det leggjast vekt på:
* at permisjonen ikkje medfører vesentleg ulempe for HSF
* at den nye stillinga vil gje arbeidstakaren fagleg utvikling av betydning for vedkomande sitt arbeid i høgskulen
* at arbeidstakar som hovudregel har vore tilsett i HSF i minst 5 år
* at vedkomande truleg kjem tilbake til HSF.
Annan grunn for å gje slik permisjon er om det ligg føre tungtvegande helsemessige, sosiale eller andre grunnar som gjer at vedkomande bør skifte arbeid ei tid.
Permisjon utover 1 år kan berre unntaksvis forlengast.
Avgjersmynde: Tilsetjingsorgan
§ 14 Overgang til tidsavgrensa stillingar
Som hovudregel kan HSF innvilge permisjon for tidsavgrensa tenestegjering i utdanningsstilling, i stilling for oppdragsverksemd eller anna teneste av spesiell interesse for høgskulen. Slik permisjon kan bli gitt for inntil 3 år.
Dersom permisjonssøknaden skuldast at søkjar har fått innvilga doktorgradsstipend ved annan institusjon kan permisjon bli innvilga for 4 år. Ein føresetnad er at den permiterte får ein avtalefesta tilknyting til HSF i permisjonstida og at søkjaren har hatt tilsetjing i HSF over fleire år før permisjonen.
Ein føresetnad er likevel at permisjonen ikkje fører med seg vesentleg ulempe for høgskulen. Eksempelvis at vedkomande arbeider innafor eit fagmråde der det er svært vanskeleg å rekruttere personale.
Avgjerdsmynde: Tilsetjingsorgan.
2.5 Redusert arbeidstid( AML § 10-2)
§ 15 Redusert arbeidstid med inntil 20%
Som hovudregel vil foreldre med barn under 12 år få innvilga søknad om 20 % redusert arbeidstid. Også når det ligg føre tungvegane helsemessige, sosiale eller andre grunnar som gjer at vedkomande bør få kortare arbeidstid, kan ein få 20% redusert arbeidstid. Slike permisjonar skal som hovudregel følgje undervisningsåret.
Avgjerdsmynde: Direktøren
§ 16. Redusert arbeidstid utover 20 %
Som hovudregel vil foreldre med barn under 3 år få innvilga redusert arbeidstid utover 20% (25-50%) dersom dette kan gjennomførast utan vesentlege ulemper for HSF. Også når det ligg føre tungtvegande helsemessige, sosiale eller eller andre grunnar som gjer at vedkomande bør få kortare arbeidstid, kan ein få meir enn 20% redusert arbeidstid.
Dersom ein arbeidstakar ynskjer stor arbeidstidsreduksjon (25-50%) over lenger tid bør ein søkje om fast redusert stillingsprosent.
Avgjerdsmynde Tilsetjingsorgan.
2.6 Velferdspermisjonar (HTA § 22, SPK pkt 7.3.22 AML § 12-10)
§ 17 Velferdspermisjonar.
Ein arbeidstakar kan få velferdspermisjon i inntil 10 arbeidsdagar med full lønn pr. undervisningsår. Fri utover dette kan gjevast utan lønn. Velferdspermisjonar kan takast ut som einskilddagar, som 2 veker i samanheng eller som 4 veker med halv lønn.
Føresetnad for slike permisjonar er viktige velferdsgrunnar. Med i vurdering av kva som er viktige velferdsgrunnar skal ein ta omsyn til både livssituasjon og arbeidstakarane sine individuelle behov for slik permisjon. Alvorleg sjukdom i næraste familie er som regel ein viktig velferdsgrunn.
Avgjerdsmynde næraste overordna i samråd med personalsjefen
Nokre grunnar som i hovudregel gjev velferdspermisjonar:
A.Omsorg for barn
*Inntil 3 dagar permisjon med løn pr. kalenderår for tilvenning av barn i barnehage/hos dagmamma.
*Ein dag fri med løn for å følgje 1.klassing første skuledag
*Fri med løn for konferansetimar mellom heim og skule/barnehage
B. Dødsfall /gravferd
I samband med dødsfall i nær familie vert det gitt inntil 3 dagars permisjon med løn. Nødvendige reisedagar kan bli gitt i tillegg. Som nær familie reknast: ektefelle, barn, barnebarn, foreldre, besteforeldre, søsken, svigerinne, svoger, svigerforeldre, og svigerbarn. Sambuar og sambuars slekt er sidestilt med ektefelle sin familie.
C. Flytting
Ved endring av bustad utan å endre arbeidsstad blir det gitt ein dag fri med løn.
D Husbygging
Ved bygging av eigen bustad og nødvendige reparasjonar/ombyggingar ved nyinnkjøp av eldre bustad kan det bli gitt 2 dagars permisjon med lønn.
Avgjerdsmynde. Næraste overordna
2.7 Ymse permisjonar
§ 18 Internasjonalt arbeid (PH 10.8.5)
A. Arbeidstakar kan få innvilga permisjon utan lønn etter individuell vurdering for å arbeide i internasjonale hjelpeorganisasjonar eller for norsk utviklingshjelp. Føresetnad er minst 3 års tenestetid i HSF
B. Det kan bli innvilga permisjon utan lønn til ektefelle/sambuar til den som har fått arbeid i internasjonale hjelpeorganisasjonar eller for norsk utviklingshjelp.
Avgjersmynde: Tilsetjingsorgan.
C. HSF ønskjer engasjement i internasjonalt arbeid og vil sjå med velvilje på korte prmisjonar med løn til dette.
Avgjersmynde: Direktøren
§ 19 Permisjonar for deltaking i hjelpekorps (PH 10.8.5.8)
Arbeidstakar som er knytt til hjelpekorps kan få permisjon med lønn i inntil 1 veke i samband med utrykningar til redningsaksjonar
Avgjerdsmynde. Næraste overordna.
§ 20 Permisjon utan lønn for småbarnsforeldre (HTA § 20.6)
Foreldre har tilsaman rett til 3 års tenestefri utan lønn i tillegg til fødselspermisjonen. Slik permisjon må takast ut før barnet er 12 år. Arbeidstakar har ikkje rettskrav på å få ta slik permisjon som deltid eller for kortare tid enn 6 månader. HSF stiller seg positiv til deltidspermisjon, jf § 15, og til at arbeidstakar kan ta ut kortare tid enn 6 månader dersom slik permisjon blir tatt som forlenging av fødselspermisjonen.
Avgjerdsmynde. Direktør/ Tilsetjingsorgan (over 6 månader)
Sist endra av: Liv Synnøve Bøyum, 20. april 2007 11:37:59
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane