07 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Skjermterminalbriller Utskriftsvennleg versjon

Reglar for refusjon av utgifter til spesialbriller arbeidstakar har behov for ved arbeid framfor PC-skjerm

HSF-RUNDSKRIV NR. 1/97 J.NR. 7658/97 ARKIV 254

Dato: 19. februar 1997
Referansar: Statens personalhandbok 11.1.4.3. "Briller for skjermterminalarbeid"
Vedtaksgrunnlag: AMU-sak 6/96 og 10/96
Gjeld fast tilsette i HSF
Godkjent dato: 19.02.97 Hans Jørgen Binningsbø
Oppdatert: 02.11.2000

Briller for skjermterminalarbeid (terminalbriller)Kriterium og framgangsmåte/prosedyre for sakshandsaming

Statens personalhandbok 11.1.4.3
"Briller for skjermterminalarbeid
Dersom arbeidstakere som arbeider ved edb-skjermterminaler rapporterer om plager i øynene eller hodet, skal arbeidsgiver så langt som praktisk mulig, forsøke å tilrettelegge arbeidet på en slik måte at plagen opphører. Hvis det viser seg at plagene vedvarer, må arbeidsgiveren stille spesielt slepne briller til rådighet for vedkommende arbeidstaker, på lik linje med annet nødvendig verneutstyr. I praksis kan dette eksempelvis gjøres ved at arbeidstakeren refunderes de nødvendige utgifter til spesialbriller dvs. brilleglassene og en enkel, rimelig og funksjonell innfatning. En forutsetning for refusjon av slike spesialbriller er at behovet er godtgjort i hvert tilfelle av lege eller offentlig godkjent optiker."

Kriterium for terminalbrille
- Terminalbrilla er forskjellig frå den vanlege brilla til arbeidstakar - den er definert i høve til ein bestemt bruk (den tilsette sitt arbeid).
- Terminalbrilla skal gje naudsynt synskorreksjon for arbeid ved dataskjerm hos menneske som ikkje brukar brille til dagleg. Dette må verte grunngjeve særskilt av lege/optikar.

Framgangsmåte ved syns-/hovudplager:

  1. Arbeidstakar presenterer arbeidsrelaterte syns-/hovudpager for sin overordna.
  2. Overordna samtaler om og går gjennom plagene i lys av kap. 3 i forskriften nr. 528 "Arbeid ved dataskjerm - tilrettelegging og organisering av dataskjerm-arbeidsplasser". Det er viktig å gjere ein heilskapleg gjennomgang av arbeidssituasjonen og eventuelt gjere andre forbetringar før ein vurderer om det er terminalbrille som er løysinga. Jfr. brosjyre frå optikar. Hugseliste for slik gjennomgang (personaladm. vil bistå med materiell):
    • arbeidsrutiner/tilrettelegging (variasjon, pauser, arbeidstempo o.l.)
    • programvare (kunnskap, rettleiing o.l.)
    • utstyr (skjermstorleik og -kvalitet, tastatur, arbeidsbordtilpassing, ekstrautstyr ol.)
    • lysforhold generelt
    • annan påverknad (stress, uro, støy, temperatur ol.)
  3. Om naudsynt eller dersom arbeidstakar ber om det, kan ein gjennomgang av plagene i lag med verne- og helsepersonale (bedriftshelseteneste) /rådgjevar vere fornuftig. Dersom plagene varer ved, bør arbeidstakar få ein synstest som arbeidstakar dekker kostnadene med.
  4. Den tilsette fyller ut eigenerklæring (vedlegg) om plagene og arbeidssituasjonen før konsultasjon hos lege eller optikar. Erklæringa leverast arbeidsgjevar og lege/optikar. Skjema "Synsundersøkelse arbeidsplassbrille" frå Norges optikerforund, vert også fylt ut. Dette skjer hos optikar.
  5. Lege/optikar gjev ei skriftleg vurdering av eit eventuelt brillebehov i høve til arbeidssituasjonen og syns-/hovudplagene.
  6. Arbeidstakar presenterer resultatet av konsultasjonen for arbeidsgjevar.
  7. Arbeidsgjevar gjev tilbakemelding til arbeidstakar om eventuell dekking av dei aktuelle brillekostnadene. Jfr. vedtak AMU-sak 6/96: For arbeidstakar som har dokumentert behov for synskorrigerande hjelpemiddel til bruk for arbeid ved dataskjerm, dekker HSF følgjande: synstest, brilleglas(ordinære) og innfatning til maks. kr. 900,-.


Sist endra av: Wenche Fjørtoft, 17. juli 2006 15:25:53

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane