15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Tilpasningsavtale Utskriftsvennleg versjon

Tilpassingsavtale til hovudavtalen20.03.02

Reforhandla og godkjent 03.02.2005.

Avtalepartar er :
Høgskulen i Sogn og Fjordane og hovudorganisasjonane ved HSF representert ved:
Forskarforbundet, Utdanningsforbundet, NTL, Parat, Norsk sykepleierforbund.

1. Innleiing

Denne avtalen er inngått med heimel i Hovudavtalen § 4, og han erstattar Tilpasningsavtale til Hovedavtale i staten for nye høgskoler fra 1. august 1994.

Det er hovudavtalen sine bestemmelsar som skal følgjast når det ikkje er avtalt avvikande prosedyrar i denne avtalen.

Partane er samde om at det kan gjennomførast forhandlingar ved høgskulen for å koma fram til supplerande avtalar om tilhøve som ikkje er regulert i hovudavtalen eller i tilpassingsavtalen. Slike forhandlingar skal skje på institusjonsnivå. Det er ein føresetnad at eventuelle supplerande avtalar gjeld tilhøve som partane har fullmakt til å inngå avtale om.

2. Føremål

Føremålet med avtalen er å regulera og konkretisera samarbeidsformene mellom fagforeiningane og leiinga i Høgskulen i Sogn og Fjordane.

3. Virkeområde/partsrepresentasjon

Institusjonsnivå:
Arbeidsgjevarrepresentant:
Høgskuledirektøren som i einskilde saker kan delegera til dekanane og underdirektør for personal – og økonomisaker å representera arbeidsgjevarsida.
Hovudtillitsvalde:
Fagforeiningane vel hovudtillitsvalde etter reglane i Hovudavtalen § 9.

Driftseiningar:
Høgskulen har desse driftseiningane:
Avdeling for helsefag
Avdeling for ingeniør- og naturfag
Avdeling for lærarutdanning og idrett
Avdeling for samfunnsfag
Avdeling for økonomi og språk
Fellestenestene omfattar også administrativt tilsette knytt til avdelingane.

Arbeidsgjevarrepresentant:
For avdelinga er dekan arbeidsgjevarrepresentant.
For fellestenestene er høgskuledirektøren arbeidsgjevar - representant. Han kan i einskilde saker delegera til dekanane og underdirektør for personal - og økonomisaker
å representera arbeidsgjevarsida.

Plasstillitsvalde:
På driftseinings - nivå skal funksjonen som plasstillitsvald vera dekka. Normalt vel fagforeiningane plasstillitsvalde etter reglane i Hovudavtalen § 9, men dersom det ikkje er vald plasstillitsvald, skal hovudtillitsvald også vera plasstillitsvald for vedkomande driftseining.

Fagforeiningane har ansvaret for å informera arbeidsgjevar om kven som til ei kvar tid er hovudtillitsvald/plasstillitsvald.

Tal medlemmer i fagforeiningane vert opptald pr. 1. april og talet dannar grunnlag for representasjon etter Hovudavtalen § 9 og fordeling av ressursar i etterfylgjande studieår.

Tillitsvalde frå fagstillingar får tildelt ressurs innarbeidt i arbeidsavtalen, for tillitsvald frå administrative stillingar blir ressursen tildelt avdeling/administrativ eining og næraste overordna skal drøfte med tillitsvald bruken av denne slik at vervet kan utførast. Jf HA § 31.nr.5

4. Samarbeidsformer

Samarbeidsformene mellom partane er informasjon, drøftingar og forhandlingar.

Informasjon
Det er ei målsetting at dei tillitsvalde skal vera godt informert om høgskulen si verksemd på alle område, jamfør § 11 i Hovudavtalen. Leiinga har eit særleg ansvar for å sjå til at hovudtillitsvalde får den informasjon dei treng så tidleg som mogleg.

Samstundes har tillitsvalde eit sjølvstendig ansvar for å setja seg inn i den informasjon som vert gjort tilgjengeleg for dei antan særskild eller meir allmennt til alle eller grupper av tilsette i høgskulen.

På institusjonsnivå er det avtalt fylgjande informasjonsopplegg:

  • Hovudtillitsvalde får tilsendt alle offentlege saksdokument til HSF sitt styre samstundes med styremedlemmene. Normalt er dei hovudtillitsvalde informert om saker til styret gjennom tilsende saksdokument.
  • HSF sitt styre utarbeidar arbeidsplanar for si verksemd. Desse planane skal gjennomgåast på informasjonsmøte for å informera dei tillitsvalde om saker som kan vera av spesiell interesse for dei. Dei tillitsvalde skal på grunnlag av desse arbeidsplanane melda attende til arbeidsgjevar om det er saker dei prioriterer.
  • Partane kan be om informasjonsmøte/drøftingsmøte før styremøtet dersom dei meiner sakene gjer det ynskjelege
  • Hovudtillitsvalde får tilsendt alle offentlege saksdokument til Arbeidsmiljøutvalet.
  • I tillegg til å informera om styresaker, har begge partar eit sjølvstendig ansvar for gjensidig informasjon om saker som har betydning for samarbeidet mellom partane.
  • For saker som kan bli drøftings- eller forhandlingssak, har arbeidsgjevar eit særleg ansvar for å informera hovudtillitsvalde om saka på eit tidleg stadium i prosessen.

For driftseininganer er det avtalt fylgjande informasjonsopplegg:

  • Plasstillitsvald kan be om å få tilsendt alle saksdokument som går til avdelingsrådet.
  • Det kan avtalast faste informasjonsmøte mellom plasstillitsvalde og arbeidsgjervarsida.
  • Arbeidsgjevar skal syta for god informasjon til alle tilsette i driftseiningane. Gjennom slike informasjonsopplegg er også plasstillitsvald rekna å vera informert.
  • For saker som kan bli drøftings- eller forhandlingssak, har arbeidsgjevar eit særleg ansvar for å informera plasstillitsvalde om saka på eit tidleg stadium i prosessen.

Drøftingssaker

Føresetnader
Dette opplegget byggjer på fylgjande føresetnader:

  • Arbeidsgjevar skal syta for at dei som vert direkte berørt av ei sak er godt informert og får høve til å ha reell medverknad i saka. Det kan skje gjennom personalsamtalar, personalmøte eller i eigne utval som t.d. brukarutval i byggjesaker.
  • Fagforeningane har høve til å koma med fråsegn i desse sakene direkte til HSF sine styringsorgan etter at administrasjonen si saksutgreiing er ferdig.
  • Partane har høve til å be om drøftingsmøte om ei sak etter § 12 i Hovudavtalen på eit kvart steg i saksprosessen, men dette skal normalt ikkje seinka handsaminga av saka.

På institusjonsnivå:
Partane er samde om at alle saker som etter hovudavtalen er drøftingssaker og som skal styrehandsamast, skal drøftast med dei hovudtillitsvalde. Dette skjer gjennom faste drøftingsmøte ca 14 dagar før styremøtet. Til dette drøftingsmøtet skal direktøren på førehand ha sendt hovudtillitsvalde ei førebels sakliste for styremøtet.

Partane er samde om at drøftingane skal byggja på slik saksførebuing:

A: Drøftingssaker som skal byggja på skriftlege utgreiingar frå direktøren:

  • Framlegg om omstillingsvedtak, endringar i stillingsstruktur som fylgje av omstillingsvedtak og innplassering av tilsette i ny stilling, jamfør omstillingsavtalen.
  • Vesentlege endringar i HSF sitt stillingsbudsjett
  • Endring av ein tilsett si organisatoriske plassering eller ved vesentlege endringar i arbeidsoppgåver/kompetansekrav.
  • Generelle retningslinjer for fastsetjing av dei tilsette sine arbeidsvilkår og fordeling av arbeidsoppgåver
  • Retningslinjer av personalpolitisk karakter
  • Personalplanlegging, jmf. kap. 6 i Hovudavtalen.
  • Opplæring, overordna planar, jamfør kap. 6 i Hovudavtalen

B: Drøftingssaker som vert drøfta med grunnlag i ei munnleg orientering frå direktøren på møtet:

  • Budsjettframlegg inkl. fordeling mellom løns- og driftsutgifter
  • inndraging av ubesett stilling og oppretting av ny (omgjering )
  • byggeprosjekt
  • verksemda sine planar på kort og lang sikt
  • planar for korleis vedtatt budsjett skal disponerast
  • forhold som gjeld saker under Hovudavtalen § 13, i den grad det ikkje er uttrykkeleg nemnd
  • val ved kjøp og fordeling av utstyr og hjelpemidlar.

Saker under pkt. A skal drøftast med hovudtillitsvalde uavhengig av om saka kjem opp som styresak. Andre saker etter Hovudavtalen, § 12, vert normalt ikkje drøfta med hovudstillitsvalde utan når sakene blir styresak.

Saker ettter AML, § 24, pkt. 2 vert handsama i Arbeidsmiljøutvalet

På driftseiningsnivå:

På driftseiningane er saker under pkt. A over, drøftingssaker, medan andre saker etter § 12 ikkje vert handsama som drøftingssaker.

Individuelle arbeidsplanar vil normalt ikkje vera drøftingstema, men det er ein føresetnad at desse er drøfta i personalsamtalar/personalmøte. Fagforeiningane kan til ei kvar tid be om å få drøfta individuelle arbeidsplanar. (JF punkt 2.2 i ”Fagpersonalet sine arbeidsvilkår”)

Forhandlingar

Partane er samde om at punkta i § 13, pkt. 2 skal handsamast slik:

a) Interne organisasjonsendringar. Desse vert handsama etter reglane i ” Omstillingsavtalen av 02.03.02”Fordeling av nye stillingar. Oppretting av ny stilling utan inndraging av anna ubesett stilling dersom dette ikkje skjer gjennom budsjettbehandling Jf HA § 13 b.

b) Velferdstiltak og fordeling av velferdsmidlar. Arbeidsmiljøutvalet handsamar saker under dette punktet.

c) Tiltak som stimulerer dei tilsette til å legge fram forslag til forbetringar også premiering av forslag. Saksfeltet vert handsama etter Hovudavtalen.

d) Personalreglement, jamfør Tenestemannslova § 23. Vert handsama etter Hovudavtalen.

e) Disponering av areal til arbeidslokale, kvilerom og spiserom også i nye, leigde eller ombygde lokale. Saksfeltet vert handsama etter Hovudavtalen.

f) Saker under Arbeidsmiljølova, § 24, pkt. 2. Desse vert handsama av Arbeidsmiljøutvalet.

5. Spesielt om informasjonsteknolog

Partane er samde om at bruk av informasjonsteknologi er blitt ein dagleg del av dei tilsette sin arbeidssituasjon og at slike spørsmål i hovudsak kan handsamast etter dei generelle reglane for samarbeid avtalt i tilpassingsavtalen.

Arbeidsgjevar skal likevel vera spesielt merksam på målsetjingane i § 14 i Hovudavtalen, Partane understrekar særleg kor viktig det er med konsekvens analyser og prosjektorganisasjon ved innføring av nye system.

Det er ein føresetnad at prinsipielle spørsmål kring høgskulen sin bruk av informasjonsteknologi vert lagt fram for styringsorgana i høgskulen.

6. Personalpolitikk

Partane er samde om at fagforeiningane skal spela ein aktiv rolle i utforminga av høgskulen sin personalpolitikk og at dette er eit prioritert samarbeidsområde mellom arbeidsgjevar og fagforeiningane. Sakshandsaminga av alle personalpolitiske reglement og retningslinjer skal fylgja retningslinjene i Hovudavtalen i den grad ikkje andre prosedyrer er avtalt i denne avtalen.

Partane vil spesielt understreka at HSF skal ha retningslinjer for fylgjande personalpolitiske saksområde:

  • Arbeidsvilkår for fagpersonalet
  • Reglar for fleksitid
  • Permisjonar
  • Seniorpolitikk
  • Lønspolitisk plan
  • Handlingsplan for likestilling
  • Personalpolitisk handlingsplan
  • Kompetansehevingsprogram

7. Likestilling

Partane viser til §21 i hovudavtalen og til interne vedtekne planar som handlingsplanen for likestilling, førstelektorprogram og reglar for tildeling av doktorgradsstipend.

8. Tilhøvet til Arbeidsmiljøutvalet

Partane er samde om at saker etter Arbeidsmiljølova § 24, pkt.2 vert handsama i Arbeidsmiljøutvalet.

9. Etablering av partsforhold

Tilsette i heil stilling eller tilsette i delstilling på 37,5% eller som arbeidar 15 timar eller meir pr. veke kan veljast som tillitsvald.

Dei tillitsvalde har høve til å nytta høgskulen sitt kontortekniske ustyr og distribusjonskanalar for utsending av informasjon som er nødvendig for medlemmene ved høgskulen.

10. Avtalen si funksjonstid

Denne avtalen gjeld parallelt med hovudavtalen. Partane kan seia opp avtalen med 6 månaders varsel i avtaleperioden.


Sist endra av: Wenche Fjørtoft, 17. juli 2006 15:45:22
Publisert av: Bente Heiberg, 13. juli 2006 16:25:35

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane