16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

IT-retningslinjer Utskriftsvennleg versjon

Høgskulen sitt datautstyr er reservert høgskulen sine tilsette og studentar. Registrerte studentar får automatisk tildelt brukarkonto (brukarnamn og passord) og eigen e-post konto ved studiestart. Dette er nødvendig for å bruke datautstyret og datatenestene ved høgskulen.

Innlogging på nettverket betyr at ein og aksepterar å fylgja reglane som gjeld for nettbruk ved institusjonen. Utgangspunktet for reglane er å unngå aktivitet som er til skade for andre eller misbruk av ressursar. Vær spesielt oppmerksame på lovverk omkring opphavsrett ved publisering på nett.
Fylgjande reglar gjeld for bruk av ressursar på datalabar, nettverket, eller trafikk gjennom nettet til eller frå Internet.

Det er mellom anna ikkje tillate å:

  • plassere uautoriserte Web-, Ftp-, eller andre serverar eller serverprogramvare på nettet til HSF, herunder også fildelingssystem for utveksling av MP3, film osv.
  • bruke nettet til noka form for støytande eller krenkjande verksemd som fornærmar eller forulempar andre brukarar
  • bryte andre brukarar sin rett til personvern
  • bruke nettet til ulovleg verksemd i følgje norsk lov, her også inkludert all nedlasting av ulovleg materiale og lagring av dette (herunder også piratkopiering av program, musikk, video osv.)
  • bevisst spreie virus eller anna programvare som er til skade eller plage for andre.
  • misbruke annan person si e-postadresse, passord eller tilgang til nettet og serverar, eller å skaffe seg ulovleg tilgang til andre ressursar på nettet
  • skjule sin eigen identitet, unntatt når slik tildekking er eksplisitt tillate
  • bryte med Internett sine reglar for akseptabel bruk
  • sløse med ressursar (menneske, kommunikasjonskapasitet, datautstyr)
  • øydeleggje innhald eller struktur i datalagra informasjon
  • alle datamaskiner som blir kopla til høgskulen sitt netverk direkte eller via radionett skal ha oppdatert viruskontroll aktivt..

I tillegg gjeld regelen om god ”nettetikette” og allmenne reglar for bruk av Internett, samt Uninett sine eigne reglar. Høgskulen vil utan anna varsel føreta nødvendig logging av aktivitet og trafikk for å sikre akseptabel drift og sikkerheit i nettverk og tenesteproduksjon.

Brot på reglane vil kunne føre til utestenging, og vil i alvorlege høve verte melde til politiet.


Sist endra av: Guy Steffen Brun, 04. august 2006 11:37:47
Publisert av: Guy Steffen Brun, 04. august 2006 10:48:53

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane