Hopp til innholdMeny

Oppmelding og avmelding til eksamen

Når du semesterregistrerer deg i StudentWeb, blir du automatisk oppmeldt til ordinær eksamen.

Ordinær eksamen

Eksamensplan med datoar for ordinær eksamen blir publisert på denne sida seinast 1. september og 1. februar. Merk at datoane kan bli endra fram til 3 veker før eksamen skal avviklast. Romplassering og kandidatnummer finn du i StudentWeb.

Oppmelding til ny/utsett eksamen 

Du har normalt 3 forsøk på kvart emne. Frist for oppmelding til ny eller utsett eksamen er 15. september for haustsemesteret, og 15. februar for vårsemesteret. 

For studentar i Førde er frist for oppmelding til eksamen utanom dei faste eksamensperiodane ein månad før eksamensdato.

Skal du melde deg opp til konte/forbetring på eksamen som gjekk ordinært i vår, og som går som konteeksamen i haust?

  • Studentar på Institutt for økonomi og administrasjon melder seg opp i StudentWeb, under Mine resultat. Du kan melde deg opp frå 27. juli. 
  • Alle andre studentar brukar skjemaet "oppmelding til ny/utsett eksamen". 

Skal du melde deg opp til konte/forbetring på eksamen som går ordinært i haust?

  • Studentar på Avdeling for helsefag brukar oppmeldingsskjema.
  • Alle andre studentar melder seg opp i StudentWeb, under Mine resultat. Du kan melde deg opp frå 27. juli. 

Har du stryk eller gyldig fråver på ein eksamen i perioden 17. august – 16. oktober 2015, eller 4. januar - 18. mars 2016?

  • Då kan du melde deg opp til ny eksamen i same semester.
  • Du melder deg opp i StudentWeb, under Mine resultat.
  • Ny eksamen blir i siste del av semesteret (innan 18.desember 2015 / 17. juni 2016)

Dersom du har spørsmål om oppmelding i StudentWeb, sender du e-post til studentweb@hisf.no. 

Ved dei studia der greidd eksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste semester eller studieår, blir ny eksamen arrangert før eller i samband med oppstart av nytt semester/studieår.

Melde seg av eksamen

Frist for å melde seg av eksamen er to veker før eksamensdato. Dette gjer du i StudentWeb under Aktive emne > vurdering. 

Når du melder deg av eksamen innan fristen, blir det ikkje rekna som eit forsøk. Avmelding etter fristen blir rekna som eit forsøk. 

Kva er gyldig fråver?

Gyldig fråver er sjukdom eller andre sterke velferdsgrunnar. Fråveret skal vere dokumentert og skriftleg stadfesta, og skal leverast høgskulen så raskt som mogleg og seinast tre yrkedagar etter at eksamen har funne stad.