Hopp til innholdMeny

Psykisk helsearbeid

Dette studiet passar for deg som ønskjer å styrke og vidareutvikle fagleg og personleg kompetanse i arbeid med menneske med psykiske lidingar og psykososiale vanskar. Studiet er tverrfagleg, og har eit særleg fokus på meistring og helsefremming med utgangspunkt i samarbeid med brukar og pårørande.

Ung, alvorleg mann som ser ut vindu med persienner

Studieinnhald

Du lærer om

  • brukarmedverknad
  • korleis etablere berande relasjonar og gi omsorg
  • korleis det kan opplevast å leve med og nær menneske med psykososiale vanskar og psykiske lidingar
  • psykisk liding/diagnosar og ulike behandlingsmetodar og oppfølging
  • teneste og fagutvikling i lokalt psykisk helsearbeid

Dersom du er kommunalt tilsett, kan kommunen søke tilskot til dekking av lønskostnader i samband med denne vidareutdanninga.  

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

 Du lærer gjennom forelesingar, rollespel, oppgåveskriving, gruppearbeid og praksis.

Du skal delta i 40 timar grupperettleiing, og gjennomføre ein praksisperiode på ni veker. Vi nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, psykiatrisk sjukepleie/psykisk helsearbeid i den kommunale helse- og sosialtenesta, familiekontor og poliklinikkar, der samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltningsnivå blir vektlagd.

Gjennom rettleiing skal du ha fagleg delansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med pasient/brukar og familie.

Studiet er samlingsbasert. Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg gjennom e-læringsverktøyet Fronter.

«Studiet har gitt meg meir tryggleik i utøving av eige fag, og fått meg til å tenkje gjennom kvifor ein handlar på ulike måtar i praksis. Det har vore spennande med forelesarar frå andre institusjonar og foretak i landet. »

- Annette Eri Norevik, tidlegare student

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde
Studielengd:
2 år deltid
Studiepoeng:
60
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Treårig helse- eller sosialfagleg høgare utdanning og eitt års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning. Søkjar med anna relevant høgare utdanning kan få opptak etter særskilt vurdering. 
Studiekode:
216 1608 
Søknad frå:
01.02.2016
Søknadsfrist:
15.04.2016

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak