Reservasjon av studieplass
Du kan få reservert studieplassen din til neste år på grunn av innkalling til militærteneste, fødsel/adopsjon, sjukdom eller andre tungtvegande grunnar.
For å reservere studieplassen du har fått, må du sende ein søknad til oss, der du legg ved dokumentasjon på kvifor du ønskjer å reservere plassen. Eksempel på gyldig dokumentasjon er til dømes tenesteinnkalling eller legeattest.
For å søke om reservasjon av studieplassen din, må du
- takke ja til studietilbodet innan svarfristen
- sende søknaden innan 3 veker etter at du fekk tilbodet
Du kan ikkje søke om å reservere studieplassen viss du har fått opptak på vilkår, såkalla betinga opptak.
Fekk du reservert studieplass i fjor?
Du er garantert å få denne studieplassen i år dersom du
- søker på same studium innan søknadsfristen
- svarar innan fristen
- saman med følgjeskjema sender ein kopi av brevet du mottok då du fekk reservert plassen
Vi tar atterhald om at studiet startar opp.
Du kan søke andre studium sjølv om du har fått reservert ein studieplass. Dersom du gjer det, må du prioritere desse høgare enn studiet du har reservert. Då må du også sende inn dokumentasjonen din på nytt. Dersom du får tilbod på eit av dei nye studieønska, mister du den reserverte studieplassen.