Hopp til innholdMeny

Samhandling innan helse- og sosialtenester

Vil du vidareutvikle kompetansen din frå helse- og sosialfagleg eller idrettsfagleg grunnutdanning? Vil du vere med og møte dei nasjonale utfordringane som er framtredande i utgreiingar om helse og velferd? Dette masterstudiet har ein klinisk profil der samhandling innan helse- og sosialtenester er hovudfokus.

Studentar rundt bord med papir og pc

Studieinnhald

Neste opptak til dette studiet blir i 2016. 

Studiet gir deg kunnskap om det å hjelpe brukarar som har behov for behandling, tilrettelegging, rådgiving eller rettleiing, og med tenestebehov som krev samhandling mellom ulike sektorar, koordinering av tenester på individnivå og utvikling av tenester på systemnivå.

Du har desse emna:

  • brukaren i hjelpeapparatet
  • rolla som profesjonell hjelpar
  • hjelpeapparatet i velferdssamfunnet
  • vitskapsteori
  • forskingsmetode
  • prosjektførebuing
  • masteroppgåve
  • valfrie emne

Studiet er eit samarbeid mellom HiSF sine fagmiljø innan idrettsfag, helsefag og sosialfag.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, case og fleirfaglege refleksjonsgrupper. Vi vektlegg arbeid med skriveprosessar, analytiske ferdigheiter og munnleg og skriftleg argumentasjon.

I kvart semester er det lagt opp til tre samlingar på fire-fem dagar, og studierelatert eigenaktivitet mellom samlingane.

Opptakskrav

Avslutta grunnutdanning, minimum tre år, innanfor eitt av profesjonsområda som studiet dekkjer, eller anna treårig utdanning med minst 180 studiepoeng innan helse- og sosialfag. Eksempel på utdanning: Sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, sosionom, barnevernspedagog, vernepleie eller treårig idrettsutdanning.

Samla karakter på treårig grunnutdanning må vere C eller betre.

Veit du at det er mogleg å søkje innpass for andre emne på masternivå? Maksimalt kan du få innpass for 30 studiepoeng.

«Me er imponert over nivået på forelesarane, og får også mykje igjen for dialog, refleksjon og samtalar med andre studentar på studiet. Det er positivt at det tverrfaglege er sterkt vektlagt.»

- Anne-Margrethe Hjertenes og Linda Viken

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde og Sogndal
Studielengd:
3 år deltid
Studiepoeng:
120
Nivå/grad:
Master
Opptakskrav:
Sjå innhaldsdelen.
Studiekode:
216 1333
Søknad frå:
01.02.2016
Søknadsfrist:
15.04.2016

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak