Hopp til innholdMeny

Semesterregistrering ny student

Som ny student skal du registrere deg før studiestart.

Nokre veker før studiestart får du ein sms med studentnummeret ditt. Når du har fått studentnummeret ditt, kan du registrere deg. 

For å bli registrert må du gjennom dei tre stega under:

1. Opprett brukarkonto

Her treng du studentnummeret ditt, som du får på sms nokre veker før studiestart. Du vil få du tildelt eit brukarnamn og eit forslag til passord, som skal endrast til eit sjølvvald passord.

Hugs å ta utskrift eller skjermdump før du trykker 'ferdig'. Dersom du var student hos oss i forrige semester, hoppar du over steg 1.

Opprett brukarkonto

2. Registrer deg i StudentWeb

Du loggar deg på StudentWeb via Feide, med brukarnamnet og passordet ditt. Dette får du når du opprettar brukarkonto (sjå steg 1 over).

Velg «Start registreringa» og gå gjennom følgjande punkt:

Rettigheiter og plikter

Dette punktet inneheld informasjon om forskrifter, studieplanar og fusk/plagiat.

Utdanningsplan

Her får du ein oversikt over dine obligatoriske emne. Dersom du skal ha valfag dette semesteret, legg du dei til her. Du blir automatisk oppmeldt til undervisning og vurdering (eksamen) når du registrerer deg.

Min profil

Her finn du:

  • adresseinformasjonen din
  • kva målform du vil bli kontakta av høgskulen på
  • endring av PIN-kode til studentkortet ditt
  • samtykke om innhenting av beståtte eksamenar frå andre institusjonar

Kvittering

Du får tilsendt ein kvittering på e-post.

3. Betal semesteravgift

Du finn betalingsinformasjon under Betaling i StudentWeb. Semesteravgifta er på 600 kr.

Fotografering

Fotografering til studentkort skjer ved studiestart. Hugs å ta med legitimasjon. Det blir ikkje tatt bilde av studentar på vidareutdanningar.

Politiattest

Dersom du skal begynne på eit studium som har krav om politiattest, må du ta med politiattesten til registreringa ved studiestart.

StudentWeb

Logg på StudentWeb

Hugs å logge ut når du er ferdig!