Hopp til innholdMeny

Slik søker du studieplass

Dette studiet har lokalt opptak. Det vil seie at du søker direkte til HiSF gjennom vår SøknadsWeb, og ikkje gjennom Samordna opptak.

For å søke studieplass må du registrere ein søknad, og laste opp vitnemål og eventuelle attestar. Du må også følge opp søknaden din.

Slik går du fram:

1. Registrer søknaden din

Du registrerer søknaden din i SøknadsWeb. Dei fleste studium har søknadsfrist 15. april. Studium med oppstart på våren har søknadsfrist 1. november. Det går fram av dei ulike studiesidene kva søknadsfrist som gjeld.

 2. Last opp dokumentasjonen din

Alle opptakskrav må dokumenterast. Kva opptakskrav som gjeld, finn du på studiesida for studiet du ønskjer å søke på. Fristen for å laste opp dokumentasjon er 10 dagar etter at du har søkt.  

3. Sjekk e-post

Etter at du har søkt, vil du motta ein kvittering på e- post. Viss noko manglar i søknaden din, vil du få beskjed om dette. Det er derfor viktig at du sjekkar e-posten din jamleg.

4. Svar på tilbodet

Du må svare på tilbod du får om studieplass, og alle tilbod om eventuell ventelisteplass. Du mister plassen viss du ikkje svarer innan svarfristen.

Ofte stilte spørsmål

Søk studieplass!

Gå til SøknadsWeb