Studenttur til Fjærland
FjærlandSom ny student blir du invitert med på tur til Fjærland og Norsk bremuseum, der du får sjå, oppleve og lære om den spesielle naturen i nærområdet.

Høgskulen ligg nær bre og fjell, og med denne turen blir du kjend med den flotte naturen vi har rundt oss. Fjærland ligg 38 km frå Sogndal og 74 km frå Førde, og vi set opp buss frå begge stader.
Vi ser på klimautstillinga på Norsk bremuseum, professor Stein Bondevik fortel oss om breane og guidar oss i buss til Supphellebreen.
Vi går i ti minutt opp mot breen, så ta på gode sko og kle deg etter veret!
På museet vil du få gratis lunsj.
Turen er gratis, men du må melde deg på. Lenke til påmelding kjem rundt studiestart.