Hopp til innholdMeny

StudentWeb

Her finn du ein kort presentasjon av funksjonar i StudentWeb.

Du loggar deg på StudentWeb via Feide, med brukarnamnet og passordet ditt. Dersom du ikkje har dette, loggar du inn med fødselsnummer og PIN-kode.

I StudentWeb finn du følgjande informasjon:

Mine studium

Under dette menypunktet finn du utdanningsplanen din.

Aktive emne

Her ser du kva emne du er undervisnings- og vurderingsmeldt til. Vurderingsmeldt vil seie oppmeldt til eksamen.

Her finn du også eksamensinformasjon som

  • eksamensdato
  • kandidatnummer
  • innleveringsfristar
  • romplassering
  • innvilga tilretteleggingstiltak

Dersom du har gått inn på eit emne, og infoen over ikkje er synleg, klikkar du på den grøne haka foran teksten. Du kan også finne denne infoen under "Kommende hendelser". 

Mine resultat

Her finn du eksamensresultat og kan bestille karakterutskrift. Du finn også informasjon om data som er rapportert inn til Lånekassen.

Betaling

Her finn du betalingsinformasjon for semesteravgift.

Profil

Oppe til høgre finn du profilen din. Her kan du

  • oppdatere kontaktinformasjonen din
  • lage ny PIN-kode til studentkortet ditt
  • logge ut

StudentWeb

Logg på StudentWeb

Hugs å logge ut når du er ferdig!

Gløymt PIN-koden til studentkortet ditt?

Lag ny under Profil!