Studie- og karriererettleiing
Treng du nokon å snakke med angåande studiet ditt eller vegen vidare? Vi i Karrieresenteret vil gjerne hjelpe deg!
Kva kan eg bruke utdanninga mi til? Kva ønskjer eg eigentleg å jobbe med? Skal eg studere vidare? Det kan vere fint å få hjelp til å sortere tankar og klargjere moglegheiter. Det er du sjølv som må ta vala, men vi kan hjelpe deg på vegen og gi konstruktive innspel.
Dersom du har korte spørsmål kan du kome innom på Drop In. Elles ser vi gjerne at du bestiller time.
Er du student i Førde og ønskjer rettleiing, kan du kontakte studierådgivar Kristen Stæger-Breisnes.
Opningstider Karrieresenteret
Måndag, onsdag og torsdag kl. 10.00-14.00.