Studiestart i Førde
Studiestart for nye studentar i Førde er tysdag 18. august kl. 10.00 ved Høgskulebygget på Vie.
Ein god start!
Gjennom fadderordninga og fadderveka gjer vi det vi kan for at du skal få ein god start på studietida di ved HiSF.
Les om fadderordninga og sjå kva som skjer i fadderveka!
Tysdag 18. august
- 10.00-11.00: Opningsseremoni med velkomsttalar, musikalsk innslag, presentasjon av studentorganisasjonane, fadderpresentasjon og inndeling i faddergrupper.
- 11.00-11.45: Gratis lunsj
- 11:45: Avdelingsvis oppstart: Sjukepleiarane møtast i kantina, ingeniørane og eittårig forkurs møtast i auditorium Førde.
- Frå kl. 13.00 og utover overtar fadrane, og det blir ulike aktivitetar på campus.
På kvelden blir det konsert med Casiokids i festsalen i Høgskulebygget.
Onsdag 19. august
- 09.30: Sjukepleie heiltid, undervisningsstart. Sjå detaljar i TimeEdit.
- 09.30: Sjukepleie deltid, undervisningsstart. Sjå detaljar i TimeEdit.
- kl. 10.20: Ingeniør forkurs og 1., 2. og 3. klasse Ingeniør: Oppstart undervisning. Sjå TimeEdit for detaljar.
- kl. 13.15: Fotografering til studentkort i biblioteket. Hugs legitimasjon. Alle sjukepleiestudentar skal levere politiattest denne dagen.
Torsdag 20. august
- 09.30: Kurs i studieteknikk, rom Sunnfjord. Alle nye studentar i Førde.
- 11.30: Skrivekurs, rom Sunnfjord. Alle nye studentar i Førde.
- Undervisning resten av dagen og veka, sjå TimeEdit.
