Tilleggsemne
Ønskjer du å ta emne som ikkje ligg i utdanningsplanen din? Kvart semester kan det bli ledige plassar på nokre emne, som studentar ved HiSF kan ta som tilleggsemne.
Slik melder du deg opp til tilleggsemne
- Du melder deg opp til undervisning og vurdering (eksamen) i StudentWeb.
- Under Aktive emne søker du opp emnekoden på det (dei) emna du vil melde deg opp i, og går gjennom oppmeldingssekvensen.
- Frist for oppmelding er 15. september. Grunna avgrensa tal plassar, kan det bli fullt før fristen.
- Ver merksam på at det kan vere frist for innlevering av arbeidskrav tidlegare enn 15. september.
- Du er sjølv ansvarleg for eventuelle kollisjonar når det gjeld undervisning og eksamen.
Merk at nokre emne kan ha anbefalte forkunnskapskrav. Dette finn du under emnebeskrivelsen i studieplanen til studiet som emnet høyrer inn under.