| Målgruppe | Tillitsvalde og medlemer i fagorganisasjonar, og andre med interesse for fagrørsla og nyare norsk historie. |
| Innhald |
Studietilbodet Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sør-Trøndelag, LO Trondheim, Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Studiet skal gje ei brei forståing for fagrørsla sin posisjon i samfunnet i eit historisk perspektiv. Gjennom studiet skal studentane få forståing for historia til fagrørsla, og setja denne historia inn i ein samfunnsmessig kontekst. Studiet skal visa korleis fagrørsla har påverka samfunnsutviklinga på ulike område, men også korleis rørsla har blitt påverka av sine omgjevnader, nasjonalt og internasjonalt.
Undervisninga vil ha ein kronologisk hovudstruktur som vil ta føre seg desse temaområda innanfor ulike tidsperiodar. Den kronologiske gjennomgangen er delt inn i fire tidsepokar:
Studiet skal gje grunnleggjande historisk skulering og formell kompetanseheving. På den måten vil studiet både kunna medverka til auka skulering i fagrørsla samstundes som det vil gje formell historiefagleg kompetanse på eit felt som tillitsvalde og medlemer har interesse og nytte av. Men studiet er også ope for andre interesserte. Tilbodet vil vera i tråd med aukande krav om formell kompetanse i arbeidslivet. |
| Arbeidsform | Undervisninga vil vera samlingsbasert med 4-6 samlingar over 2-3 dagar. Undervisninga blir gitt som førelesingar og som rettleiing. Det vil også bli lagt opp til studentpresentasjonar og seminar, og studiet vil også innehalda ein eller fleire ekskursjonar. Studentane vil få utlevert oppgåvesett som skal løysast individuelt eller i grupper, og som skal godkjennast av faglærar. Studiet vil også ha nettstøtte gjennom læringsplattformen ”It’s Learning”. |
NB! Vi tar forbehold om endringer.
Det kan komme små justeringer i fagplanene.
Telefon: 73 55 98 50
SMS: 95 29 31 41
Telefaks: 73 55 98 51
E-postadresse studier
sfs-studie-alt@hist.no
Postadresse
Høgskolen i Sør-Trøndelag
Avdeling for lærer- og tolkeutdanning
NO-7004 Trondheim
Epost: postmottak@hist.no
7004 Trondheim
Tlf.: 73 55 90 00
Faks: 73 55 90 51
E-post: postmottak@hist.no
![]() |
Høgskolen i Sør-Trøndelag - HiST 7004 Trondheim |
Tlf.: 73 55 90 00 Faks: 73 55 90 51 |
E-post: postmottak@hist.no |