Høgskolen i Sør-Trøndelag - HiST - Kunnskapen du trenger!
Fritekst Person

Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering – Fagrørslas historie

Vi tilbyr emnet Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering - Fagrørslas historie, 30 stp over tre semester med studiestart høsten 2009. Emnet har forlenget søknadsfrist til 15.5.2009.
Det tas forbehold om nok søkere.
Målgruppe  Tillitsvalde og medlemer i fagorganisasjonar, og andre med interesse for fagrørsla og nyare norsk historie. 
Innhald 

Studietilbodet Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sør-Trøndelag, LO Trondheim, Fagforbundet og Utdanningsforbundet.
Fagforbundet støttar studiegjennomføringa økonomisk.

Studiet skal gje ei brei forståing for fagrørsla sin posisjon i samfunnet i eit historisk perspektiv. Gjennom studiet skal studentane få forståing for historia til fagrørsla, og setja denne historia inn i ein samfunnsmessig kontekst. Studiet skal visa korleis fagrørsla har påverka samfunnsutviklinga på ulike område, men også korleis rørsla har blitt påverka av sine omgjevnader, nasjonalt og internasjonalt.
 
Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering kan analyserast ut frå ulike tematiske vektleggingar og faglege perspektiv, og nokre tema og faglege vinklingar vil få ein meir sentral plass enn andre. Studiet er bygd opp kring to aksar, ein tematisk og ein kronologisk. Det er skild ut tre tematiske hovudområde, som er vurdert som særskilt viktige:

  • Arbeidsliv, organisering og avtaleverk
  • Demokrati og velferd
  • Økonomi og ideologi

Undervisninga vil ha ein kronologisk hovudstruktur som vil ta føre seg desse temaområda innanfor ulike tidsperiodar. Den kronologiske gjennomgangen er delt inn i fire tidsepokar:

  1. Frå den fyrste organiseringa til ei velorganisert fagrørsle (tida frå om lag 1850 til starten av fyrste verdskrigen)
  2. Klassekamp, konfliktdemping og okkupasjonstid (tida frå starten av fyrste verdskrigen til 1945)
  3. Sosialdemokratisk orden, velferdsstat og spirar til ny radikalisering (frå 1945 til om lag 1975) 
  4. Høgrebylgje, avindustrialisering og globalisering (tida etter om lag 1975)

Studiet skal gje grunnleggjande historisk skulering og formell kompetanseheving. På den måten vil studiet både kunna medverka til auka skulering i fagrørsla samstundes som det vil gje formell historiefagleg kompetanse på eit felt som tillitsvalde og medlemer har interesse og nytte av. Men studiet er også ope for andre interesserte. Tilbodet vil vera i tråd med aukande krav om formell kompetanse i arbeidslivet. 

Arbeidsform  Undervisninga vil vera samlingsbasert med 4-6 samlingar over 2-3 dagar. Undervisninga blir gitt som førelesingar og som rettleiing. Det vil også bli lagt opp til studentpresentasjonar og seminar, og studiet vil også innehalda ein eller fleire ekskursjonar. Studentane vil få utlevert oppgåvesett som skal løysast individuelt eller i grupper, og som skal godkjennast av faglærar. Studiet vil også ha nettstøtte gjennom læringsplattformen ”It’s Learning”. 

NB! Vi tar forbehold om endringer. 
Det kan komme små justeringer i fagplanene.

  • Studietype : Etter- og videreutdanning
  • Studiepoeng: 30
  • Varighet: 3 semester
  • Undervisningsform: Deltid, Samlingsbasert
  • Søknadsfrist: 15.05.2009
  • Avgift: 12800
  • Send søknad:  Send søknad
Kontakt
Avd. for lærer- og tolkeutdanning
Rotvoll allé

Telefon: 73 55 98 50
SMS: 95 29 31 41
Telefaks: 73 55 98 51

E-postadresse studier

sfs-studie-alt@hist.no

Postadresse

Høgskolen i Sør-Trøndelag
Avdeling for lærer- og tolkeutdanning
NO-7004 Trondheim
Epost: postmottak@hist.no

HiSTHøgskolen i Sør-Trøndelag - HiST * 7004 Trondheim * Tlf.: 73 55 90 00 * Faks: 73 55 90 51  * E-post: postmottak@hist.no
HiST Høgskolen i Sør-Trøndelag - HiST
7004 Trondheim
Tlf.: 73 55 90 00
Faks: 73 55 90 51
E-post: postmottak@hist.no