Fritekst Person

Mandat for FoU-forum

Mål
FoU-forumet skal bidra til å auke og fremje FoU-arbeid og kompetansebygging.

Mandat

Forumet arbeider etter oppdrag frå rektor/rektors dekanmøte og rapporterer til rektor/rektors dekanmøte.

Overfor oppdragsgjevar skal forumet foreslå tiltak og prioriteringar. Forslaga kan omhandle alle typar tiltak og prioriteringar som kan bidra til å realisere målet til forumet: strategiar, satsingsområde, interne og eksterne samarbeidsformer, spørsmål som gjeld formidling, måtar å synleggjere høgskolen overfor eksterne, eller andre tiltak.

På vegne av oppdragsgjevar skal forumet koordinere og gjennomføre vedtekne planar og samarbeidstiltak som for eksempel Forskingsdagane, publiseringsverkstad, forskingsseminar, metodekurs.

Samansetjing
Forumet er sett saman av ein representant frå kvar avdeling oppnemnt av dei respektive dekanane, i tillegg til den sentrale FoU-koordinatoren som er ansvarleg for møteinnkallingar og referat.

Vedteke: 14.10.2004

HiSTHøgskolen i Sør-Trøndelag  * 7004 Trondheim * Tlf.: 73 55 90 00 * Faks: 73 55 90 51  * E-post: postmottak@hist.no
HiST Høgskolen i Sør-Trøndelag
7004 Trondheim
Tlf.: 73 55 90 00
Faks: 73 55 90 51
E-post: postmottak@hist.no