Vi er omgjevne av engelsk språk og kultur, og engelsk er det mest nytta språket i global kommunikasjon.
En grunninvestering for framtida
I framtida vil solide engelskkunnskapar vere ein sjølvsagt og naudsynt føresetnad på dei fleste felt i arbeidslivet. Studier i engelsk er dermed ei grunninvestering i framtida.
Engelskspråkleg litteratur og kultur frå heile verda
Her får du ei brei innføring i engelskspråkleg litteratur og kultur frå heile verda, og god innsikt i strukturane til det engelske språket.
Du vil møte litteratur frå ulike periodar, sjangrar og geografiske område, og gjennom ei praktisk og teoretisk tilnærming vil du betre evna di til skriftleg og munnleg bruk av språket.
To veker i York
Arbeids- og undervisningsformer inkluderer både forelesingar, seminar, munnlege framlegg og innleveringar. Du får høve til å bli ekstra godt kjend med engelsk språk og kultur gjennom eit opphald på to veker ved Det norske studiesenteret i York.
Det blir lagd vekt på korleis faget blir nytta i undervisnings- og formidlingssamanheng.
Du kan ta enkeltemne frå studiet i både haust- og vårsemesteret.
Studiet gjev deg solide engelskkunnskapar, noko som er stadig meir etterspurd i arbeidslivet.
Studiet gjev deg kompetanse til å undervise i engelsk i grunnskolen og i vidaregåande skole. Årsstudiet vil elles gi eit godt grunnlag for yrke der det vert stilt kompetansekrav innan engelsk, som til dømes i:
Årsstudiet i engelsk kan innpassast i Bachelor i språk og litteratur, og i andre bachelorgrader