Laster...

Historie, årsstudium

60 Studiepoeng
60
1 År
1 År
Studiested Bø
Bø
Åpent studium Students
Åpent studium
Studiespråk 0
Norsk

Fakta om studiet

Vil du forstå meir om kvifor verda er som den er, om krig og fred, religion og politikk?

Korleis og kvifor forandrar samfunn seg? Kvifor gjekk Romerriket under? Kvifor er det krig i Midtausten? Kvifor gjekk Sovjetunionen i oppløysing, kva har det å seie at USA no er verdas eineste supermakt og kor lenge vil det vare? Kva slags kontroll har kyrkje og stat hatt over folks seksualvanar og ekteskap? Er innvandring til Noreg eit nytt fenomen?

Som historiestudent får du innsikt i vår tid ved å studere fortida. Historiestudiet er ei reise i tid og rom. Du får kunnskap om familien, lokalsamfunnet, klasser, nasjonar og globalhistorie. Innsikt i historia kan knuse myter og er eit naudsynt grunnlag for å ta del i samfunnsdebatten.

Meir informasjon om årstudium i historie finn du i studieplanen.

Du kan og ta ein bachelor i historiske fag ved Høgskulen i Telemark:

Bachelor i historiske fag

Her inngår årsstudium om verdshistorie (haust) og norsk historie (vår). Det omfattar både oversiktskurs som gir overblikk over «dei store linene» frå antikken og fram til i dag, og spesialiseringsdeler som tillet nærstudiar av mindre temaer.

Nordisk historie
Vår påbygging er 30 studiepoeng i nordisk historie – eit tilbod vi er aleine om i Noreg.

Med bachelor i historie kan du gå vidare til eit masterstudium. Ved HiT kvalifiserer bachelor i historie til masterstudiet i kulturstudiar.

Karriere

Historie passar godt inn i ei lærerutdanning. Faget høver også godt saman med mediefag, t.d. journalistutdanning. Saman med andre samfunnsfag, andre kulturfag eller økonomiske fag kan historiefaget gi arbeid innafor offentleg og privat administrasjon og i organisasjonar. Går ein vidare til mastergrad i historie, får ein ei utdanning som kan brukast m.a. i undervisning på høgre nivå, arbeid i museum, arkiv m.v.. Forskarutdanning i historie byggjer på mastergrad.

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse

Fjorårets poenggrense for opptak:

Ordinær kvote: Alle Førstegangsvitnemålskvote: Alle

Kontaktperson:

Kristin Midtbø

Førstekonsulent
Skriv ut
Til toppen