Studiet er eit deltidsstudium i folkemusikk for musikklærarar.
Målet er å gje studentane auka praktisk og teoretisk kunnskap om norsk folkemusikk og dans og om korleis ein best kan bruke denne kunnskapen i grunnskolen.
Organisering
I studiet vil vi arbeide med praktisk repertoar, bl.a. song og dans som kan nyttast i undervisninga. Og få kunnskap om korleis ein kan tileigne seg meir repertoar. Studiet gjev ei oversikt over dei norske folkemusikktradisjonane slik dei er i dag og ein bakgrunn i dei historiske forholda som har skapt tradisjonane.
Gjennom praktisk tilnærming skal studentane oppleve, diskutere og prøve ut korleis ulike emne kan formidlast med tanke på kompetansemåla i musikkfaget. Stoff frå dei regionane som er relevante for studentane blir prioriterte.
Kontaktperson: Anne Margit Barstad
rauland@hit.no