Politikarskulen er eit nettbasert studium i praktisk politikk som blir tilbydd annakvart år. Studiet går over to semester (haust og vår) og gjev 10 studiepoeng ved greidd eksamen.
Studiet gjev kunnskap om korleis politiske prosessar går føre seg på lokalt og kommunalt plan, og vil vere nyttig både for dei som alt er engasjert i politisk arbeid og dei som gjerne vil engasjere seg i framtida.
Politikarskulen gjev også godt utgangspunkt for dei som arbeider administrativt i partilag, kommunar eller anna offentleg forvaltning.
Kurset inneheld tema som:
Kurset gjev også praktisk dugleik i:
Undervisninga vil finne stad i form av samlings- og nettbaserte førelesingar og seminar. Det vil vere to samlingar per semester. Hausten 2014 er dei lagde til 29.-30. august og 14.-15. november, kvar gong frå fredag kl. 16.00 til laurdag kl. 16.00. Samlingane vårsemesteret 2015 er lagde til 16.-17. januar og 10.-11. april, begge gonger med same klokkeslett som om hausten.
Pensumoversyn finn du her.
"For å bli bedre i oppgaven min som ordfører, har det vært viktig å få mer kunnskap om rollen som folkevalgt, dynamikken og maktforholdet mellom politikk og administrasjon, og flere andre aktuelle temaer som er viktige for demokratiet vårt". Hedda Foss Five, ordfører, Skien kommune
”Politikerskolen har gitt meg et innblikk i politikkens og politikerrollens mange aspekter. Som leder for et lite lokallag trenger jeg kunnskap og inspirasjon for å gjøre lokalpolitisk arbeid interessant og givende.” Håkon Kr. Sørby, lokallagsleder, Notodden
Studiet har fyrst og fremst eit praktisk mål. Siktemålet med lærdomen er å gje grunnlag for ei breiare rekruttering til lokalpolitikken: deltaking i lokale partilag og kommunepolitikk. Studiet skal utvikle dugleikar i meistring av situasjonar som oppstår i saksbehandling og politisk debatt.