Masterstudiet i kulturstudiar
Det 2-årige masterstudiet i kulturstudiar er eit tverrfagleg studium som er eineståande i sitt slag i heile Norden.
Det er aktuelt for søkjar med bakgrunn både i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag og ulike tverrfaglege kulturstudium.
NY STUDIEPLAN FRÅ HAUSTEN 2005
Frå hausten 2005 vil masterstudiet i kulturstudiar bli delt i to valretningar. I søknaden må studentane gjere merksam på kva valretning dei ønskjer.
Valretning kulturanalyse
Valretninga i kulturanalyse tek sikte på å gi studentane ein brei og allmenn kulturkompetanse og evne til å analysere aktuelle og samansette kulturspørsmål. Studentane skriv ei kulturanalytisk hovudoppgåve (60 sp), og vel minst eit av følgjande fordjupingsemne:
- natur og kultur
- barndom og modernitet
- tale, skrift, bilde, lyd (medieemne)
- migrasjon og fleirkulturalitet
Valretning kulturadministrasjon (NYTT)
Valretninga i kulturadministrasjon vil kvalifisere meir direkte for leiarstillingar i kultursektoren. Studentane må skrive ei hovudoppgåve med relevans for kultursektoren (45 sp), og dei må ta kurset i Kulturøkonomi/marknadsføring.
Desse studentane må velje minst eit av følgjande fordjupingsemne:
- Kultur og leiing
- Internasjonal kulturpolitikk og kunstformidling
Personale:
| Stilling og fagfelt | 3595+ | klikk for å sende E-post | |
| Ole Martin Høystad | professor i kulturstudiar (fagkoordinator) | 2641 | Ole.M.Hoystad@hit.no |
| Per Mangset | professor i kulturstudiar | 2649 | Per.Mangset@hit.no |
| Anne Lorentzen | stipendiat i kultur og media | 3638 | Anne.H.Lorenzen@hit.no |
| Gunn Opdahl | stipendiat i kulturpolitikk | 2653 | Gunn.Opdahl@hit.no |
| Åsne Haugsevje | stipendiat i tverrfaglege kulturstudiar (permisjon) | 2642 |
Lærarane har kontor i 3. etasje, fløy 2 (kultur/humaniora)
Kven svarar på kva?
Treng du studierettleiing er det best å vende seg til instituttkonsulent Birgit Norendal, tlf. 35 95 26 13 (kontor 2-333, e-post Birgit.Norendal@hit.no). Ho er også den du bør snakke med dersom du lurer på om masterstudiet i kulturstudiar i Bø er noko for deg, om du vil ha tilsendt informasjonsmateriell o.s.v.
